Lovorda kom som perler på ei snor etter at Frida Ånnevik platedebuterte med «Synlige hjerteslag» i 2010. Det var i grunn ikkje så rart: Plata var fin, og 29-åringen frå Hamar viste seg snart som ein artist med eit svært bredt nedslagsfelt — hennar mjuke og smygande visepop hadde potensial til å gå heim hjå alt frå den trufaste, middelaldrande P1-lyttar, til urban ungdom med både Lillebjørn Nilsen og Joni Mitchell på spelelista.
Som denne innleiinga kanskje ymtar om, var det ikkje det provokativt engasjerande nybrotsarbeidet som etablerte Frida Ånnevik som artist. Men som debuten viste, er ho til gjengjeld ein over gjennomsnittet solid låtskrivar. Og kvalitetane trer berre endå tydelegare fram på andrealbumet «Ville ord».
Så har ho òg tatt nokre grep. Ikkje nødvendigvis av den mest radikale sorten - artistens eigen påstand om at ho skriv «pop i et åpent sjangerlandskap» held framleis stikk. Men som dei svulstige synthakkordane på fyrstelåten «A til Å» varslar, har noko likevel skjedd. Popen har vorte skarpare i kantane, miksen har fått nokre bitar som byr på meir tyggemotstand. «Ville ord» er i det heile tatt eit album der både lydbilete, skrudd saman med produsent Andreas Mjøs si hjelp, og Ånneviks melodiføring står fram som meir skjerpa, jamført med førre album.
I tillegg til på det nemnde opningssporet, kjem dette girskiftet særskild godt fram på spor som det synthpoppa «Lillebror», stemningsfulle «Livet på glass» og det dystrare «Skyggeløs». Når det gjeld umiddelbare popkvalitetar, er singelen «Hu som han vil ha» absolutt ein god representant – men den bleiknar nesten samanlikna med den drivande melodiøsiteten til «Så hardt så hardt så hardt». Eit tips til radioane, der altså.
For sitt fyrste album vann Frida Ånnevik pris av Tekstforfatterfondet, og dei gjennomarbeida tekstane er også med på å setja rammene for «Ville ord». Tematisk er det ettertenksame kvardags- og menneskeskildringar det helst går i, og igjen kan «A til Å» trekkjast fram som eit vellukka døme. Opningslinja er enkel, men akkurat passe underfundig og smart: «Hu snakker med andre ord nå, hu har nye måter å komme seg fra stor bokstav til punktum på / Nye stier fra A til Å, og de aller fleste går via deg.» Frida Ånnevik fortener faktisk honnør for å ha skapt eit heilt album på norsk, som praktisk talt er fritt for flaue tekstlinjer og hakkande tekstrytme.
Alt i alt er «Ville ord» ei plate som viser fram ein imponerande moden artist med kontroll over eige handverk. Om ikkje alle låtane utover albumet grip like sterkt tak i ein, er heilskapen overtydande i sin veksling mellom det tydelege og det underspilte, det såre og det muntre. Om ein skal vera litt slem, kan ein kanskje sei at det største hinderet for Ånnevik, er kor frykteleg lett det heile er å lika. På «Ville ord» har ho eksperimentert, men er framleis langt frå å vera eksperimentell. Og når noko vanskeleg støyter nokon frå seg, er faren at det heller ikkje verkeleg trekk nokon til seg. Men altså, dette er ein surmaga måte å sjå det på. Frida Ånnevik fortener å trekkja til seg mange.