Få på popen

Sommaren er på hell, og Ingrid Olava kjem med sitt tredje album. Dei to fyrste — «Juliet’s Wishes» frå 2008 og «The Guest» frå 2010 - førte fram mot både Spellemannprisar og Statoil-stipend, og er sjølvsagde delar av den norske popforteljinga det siste tiåret. Om ho verkeleg har fått markert seg som ein særeigen artist er ein annan sak - det er som kjend eit tett befolka musikalsk hjørne ho har slått seg ned i. Med «Summer House» viser ho ei klar vilje til å bryta ut av forma, og albumet lukkast i å framheva nokre av dei meir morosame sidene ved Ingrid Olava.

For det er nemleg slik - og eg er fullstendig klar over at det følgjande ikkje er ein spesielt original kritikk å koma med - at Ingrid Olava står fram som ein langt sterkare og meir engasjerande artist når ho skrur opp tempoet, byter ut raudvinen med ein vodka russian og let det stå til. «Summer House» sine minst interessante spor er også dei mest seigtflygande, medan popkulene i «Black Box», «The Girl That Got Away» og «Jackie Kennedy» står fjellstøtt. Dans inn i hausten til dei, du.

olava.jpg