Vasstett Drippin

drippin.jpg

I kategorien « bergensmusikarar som ikkje er bergensmusikarar», har vi denne gong kome til Erik «Drippin» Spanne, ein av dei absolutt mest spennande produsentane i norsk elektronika og hiphop om dagen. Sidan dunk-dunk-artisten flytta til Bergen frå Stavanger for tre år sidan, har han rukke å sette sitt preg på ein sjanger som når langt utanfor bergenske smau. Ståande med beina godt planta i grime-landskapet, har Drippins basstunge og mørke instrumental hiphop gjort han til ein ettertrakta mann for andre. Han lagar beats for bergensrapparar som Girson og Lars Vaular («Kokning»; «Tyrannosaurus Sex«), men ikkje minst har han fanga merksemda til internasjonale bransjefolk. Derfor er EP-en «Silver Cloak» gitt ut på New York-labelet Lit City Trax.

Denne sju spor lange utgjevinga er blitt ein palett for Drippins sjangersmeltande tilnærming til klubbmusikken, det vere seg drum&bass, dancehall, UK garage eller hiphop. Lydane til Drippin er ofte harde og metalliske, rytmene assymetriske og repetative, vokalane kutta opp til det ugjenkjennelege. Det er hypnotisk, messande og godt strukturert, som når dei djupe basslydane kjem inn mot slutten av «Air Jordan». Eller vokalsamplet som flettar seg saman med dei skingrande lydane i tittelkuttet. Drippin har heile vegen eitt bein på dansegolvet og ein finger på den kjenslevare pulsen.

Saman med Slick Shoota og Cashmere Cat, tilhøyrer Drippin ein ny generasjon norske produsentar som når langt utanfor våre landegrenser, men får heller lite blest her heime. Med «Silver Cloak» blir ikkje Drippin nokon Kygo i kommersiell forstand, men nettopp det er nok eit aldri så lite kvalitetsteikn.