Det er spørsmålet mange musikkskribentar stiller seg med jamne mellomrom. Franske David Guetta har blitt sjølve biletet på genren kjent som EDM — electronic dance music. Guetta, Calvin Harris, Skrillex og Avicii er laptop-artistane som sel ut store stadion. Dei er popstjerner, med knyttnevane i vêret og eit vesen som får mange til å riste på hovudet. Men mest av alt, og dette er viktig: dei er elska av langt fleire. EDM-universet hadde aldri eksistert utan fansen, hordane av unge som omfamnar musikken og som har gjort ein mann som Guetta til ein særs godt betalt i plateryttar.Han er i det heile tatt ein interessant karakter: Frå å tråle i undergrunnen på Ibiza gjennom 90-talet, fann Guetta sitt publikum rundt 2009. Hiten «When Love Takes Over» med Kelly Rowland på vokal, var og er prototyp EDM. Frå introens repeterande pianoriff til klimakset på Rowlands diva-vokal, går låten innom det ikoniske droppet , der dei syntetiske lydane blir vrengt til nye støyfylte høgder, før låten blir tatt ned og bygd opp att. Puh. Poenget er at denne i si tid var ganske så nyskapande og glitrande, som ei doggfrisk blåklokke.
Problemet er at Guetta har gjort absolutt ingenting for å fornye seg etter dette. Og «Listen» berre sementerer idétørken. I det minste gjer aktørar som Skrillex og Avicii forsøk på å fornye EDM-genren, ta den i nye retningar og eksperimentere med oppskrifta. Guetta berre følgjer den, til punkt og prikke. Nesten alle låtane her EDM til beinet: Drop-basert i tilnærminga med det eine synthakkordriffet som går att heile tida. Når albumet klokkar inn på nesten ein time, er det freistande å kalle dette den uunngåelege slutten på David Guetta. Men mannen er som kjent slitesterk. Og veldig rik.