Etter dansen

Engelske Jessie Ware har tidlegare blitt omtalt som ein «missing link» mellom Adele, SBTRKT og Sade. Ein slik merkelapp er eit slåande eksempel på den sjangersmeltande tilnærminga som kjenneteiknar britisk popmusikk om dagen, som kan inkorporere såpass forskjellige uttrykk som soul, post dub-step, alternativ R&B, UK Garage og house. Debutplata til Jessie Ware frå 2012, var sånn sett eit ekte barn av tidsånda, med produksjonsbidrag frå mellom anna dunk-dunk-artisten Julio Bashmore. Det pulserande remiksbidraget frå duoen Disclosure, forsterka også Wares brubygging mellom pop— og klubbmusikk. Balansen i albumet, mellom sofistikerte klubbrytmer og kjølig souldiva-vokal, fungerte strålande og gav plata den nødvendige kompleksiteten.

To år seinare er Ware ute med «Tough Love», eit klassisk eksempel på «det vanskelege andrealbumet» og artistiske vegval. Denne utgåva av Ware har nemleg valt å tone ned klubbrytmene og heller vende seg mot synth-popen, særleg den meir kjølige åttitalsvarianten. Innleiingsvis fungerer dette fabelaktig. Tittelkuttet viser fram Wares sensible stemme, akkurat passe nedkjølt, i fin harmoni med dei kalde synthane. Den knirkete popen i «You and I» er like herleg.

Midtpartiet på plata er dessverre ganske dølt. Det blir meir Adele enn klubb, meir leik med stemma enn med rytmane, og sjølv om Ware har ei fin røyst, klarer den ikkje å overskride ein til tider litt for tam produksjon. Då står vi att med tekstane, som hovudsakleg kretsar kring kjærleikens melankoli. Det er så ein ser for seg hovudperson stå ved vindauget og stire ut i haustnatta, lengtande, jamfør albumcoveret. Stor lyrikk, er det derimot ikkje.

På overflata er det mykje fint her, det er kompleksiteten og variasjonen - kva skjedde med klubbrytmene? - eg saknar på Wares andrealbum.

JW.jpg