Utakk er verdas løn, heiter det seg. Det var òg namnet dei to kompisane Øystein Eide Sundland og Pål Vervik gjekk under på eit tidspunkt, då dei smidde saman bittersøte låtar med røter i posthardcore og indierock i det sjarmerande øvingslokalet Rottekjelleren i Bergen. Når debutalbumet «En pause fra evigheten» no er klart, er det med Jørgen Solberg Knutsen og Remi Arturo Christensen med på laget. Dei sterkaste premissa for debuten er det kanskje Sundlands mørke tekstlandskap som leverer – dei er i alle fall med på å gjera «En pause fra evigheten» til eit fint utgangspunkt for gryande haustangst.
Sundlands betraktningar nærmar seg det naivistiske, med linjer som "Mann og kvinne, korfor krangler vi sånn/vi er jo født til å glede hverandre, med kroppen vår" på opningssporet "Kroppen vår". Tonen held seg i det same leiet utover albumet, og gjev det heile eit ikkje unødvendig tilsnitt av humør. Men for all del: Dei slepande tonane, som gjev sterke assosiasjonar til det å stirra på sine eigne sko, er elegant levert, og albumet riktig så heilskapleg – om ikkje heilt heilstøypt.
Utakk spiller på Victoria lørdag 31. august.