På sitt tredje album tar den amerikanske popentreprenøren Julia Holter bokstaveleg talt steget ut av soverommet (ho har produsert dei to første platene på jenterommet). «Loud City Song» er ein ni songar lang symfoni, sentrert rundt store veggar av lyd, og er på ingen måtar enkel musikk. Dette er avantgarde pop av det krevjande slaget. Songane er skrella for kommersielt frieri — her blir det appellert til det sanselege og det sjelelege. Å lytte på Holters tredjealbum er som å stire ut i haustmørkret medan vinden tek tak i trea.
Det heile er dramatisk, nesten litt skummelt — som på sporet «Horns Surrounding Me», som gir ein klaustrofobisk effekt når synthen samanfall med lyden av horn og den suggererande beaten. Ein del av dette kan minne om det landskapet vår eigen Jenny Hval utforskar, både med bruken av spoken word og inkorporeringa av jazz og klassisk musikk i eit elektronisk lydbilete.
«Loud City Song» er vakker, storslegen og ambisiøs musikk, som tidvis er nesten litt for mykje å ta innover seg. Men så, når ein trur at Holter har fanga deg i mørkret, kjem den opplyftande «This is a True Heart». Alle gode ting er utvilsamt tre for Holter.