Den amerikanske songar-låtskrivaren John Mayer er blant dei artistane som — på godt og vondt - er eit slags minste felles multiplum. Den akustiske popbluesen han har som varemerke er vel knappast epokegjerande, og visst framstår han stundom som ein mindre sympatisk person. Men med mindre du er ein av dei som nektar å sjå verdien i ein god, melodisk radiolåt, skal det mykje til for at du har John Mayer heilt i vrangstrupa.
«Paradise Valley» er nok eit bevis på at mannen har teft for musikk som stryk deg medhårs. Som fjorårets «Born And Raised» inneheld plata fleire nikk til amerikansk root-musikk, samstundes som det er Mayers mjuke stemme og popsans som held det heile saman. Her er spora «Paper Doll», «I Will Be Found» og «Badge And Gun» blant dei som skil seg ut. Ikkje alt er like interessant, slik som countryalibia «You’re No One 'Til Someone Lets You Down» og JJ Cale-coveren «Call Me The Breeze». Spesielt er sistnemnde eit lite slag i trynet, der det kjem rett det nydelege Frank Ocean-mellomspelet «Wildfire».
Men altså: Med «Paradise Valley» gjer John Mayer seg godt fortent til endå nokre rundar på ein radio nær deg.