Om du har lest F. Scott Fitzgeralds «The Great Gatsby», beit du deg merke i korleis den amerikanske forfattaren makta å formidla ei storslegen forteljing med subtile grep. Noko seier meg at det same ikkje vil kunne seiast om den australske regissøren Baz Luhrmann si filmatiske tolking av historia — i alle fall ikkje om det Jay-Z-produserte lydsporet til filmen er noko å gå ut frå. Det er nemleg omtrent like subtilt som Petter Stordalen.
Når det er sagt, så fungerer det heile på eit vis. Eit stjernelag av dei sjeldne har kome saman for å setja Luhrmann og Jay-Zs musikalske visjon ut i livet, og resultatet er ein dramatisk fest fylt av både swingjazz og bass, eufori og kjærleiksangst.
Til høgdepunkta høyrer Jay-Zs nyskrivne «100$ Bills», Florence Welchs hjartevrenging på «Over The Love» og Jack Whites råskorne versjon av U2s «Love Is Blindness», medan Will. I. Ams insisterande masing på «Bang Bang» er mindre heldig. For ikkje å snakka om Emeli Sandés merkelege forsøk på gjera ein charleston-versjon av «Crazy In Love».
Men det er vel ikkje fest utan at nokon dett i bassenget?