Etter mykje forhåndshype er Emilie Nicolas no ute med debutalbumet «Like I`m a Warrior». Plata føyer seg saumlaust inn i det norske elektroniske poplandskapet, som Susanne Sundfør har bana veg for dei siste åra. Pop kan vere så mangt, og Nicolas har valt å bruke fleire penslar i det fargerike lydbiletet. Her knitrar det i rytmene, synthakkordane er lange og seige og bassen romsleg og djup. Opningskuttet «Nobody Knows» er eit nikk til James Blake og hans crooner-aktige soul kopla med elektroniske beats. Den startar roleg, med Nicolas` skjøre vokal som berande element, før låten kulminerer i eit crescendo av synth og R&B-rytmer.
Dette er ein slags gjennomgangsmelodi for heile albumet. Nicolas let først stemma få glitre, før den elektroniske produksjonen kjem inn med full tyngde. Stundom fungerer dette veldig bra. Coveret hennar av DumDum Boys-låten «Pstereo» ( i engelsk språkdrakt) er ei sukkersøt oppdatering som grip tak i deg, med eit catcy refreng. «Grown Up» har fine, harmoniske synthakkordar, som flettar seg vakkert saman med stemma til Nicolas. Problemet med denne plata er produksjonen, den er rett og slett overprodusert. Dette er ikkje Nicolas åleine om i dagens popmusikk, der ønsket om å skilje seg ut, gjer det freistande å pøse på med alskens lydeffektar i jakta på det etterlengta særpreget. Paradoksalt nok, eller kanskje berre heilt logisk, fører dette til at mange endar opp med å høyrest ganske like ut.
13 år etter at Kings of Convenience gav ut den stillferdige krigserklæringa «Quiet Is the New Loud», kan det vere greit å bli minna på at det enkle ofte kan vere det beste.