Forfattaren fekk «Deutscher Buchpreis» i 2014.
Hovudpersonen, 24 år gamle Edgar Bendler, student ved universitetet i Halle i DDR, møter vi sommaren 1989.Etter at han miste kjærasten G, overkøyrt av ein trikk, og katten Matthew berre blei borte, flyktar han til ferieøya Hiddensee, der ein på klåre dagar kan sjå til Møn.Etter litt om og men får han sommarjobb som oppvaskhjelp på det gamle, nedslitne vertshuset Klausner, som ligg på klipper som folkesnakket vil ha det til at ein dag vil gli ut i havet og forsvinne. Her blir han ven med Kruso — eigentleg Krusowitsch - også han tilsett på Klausner.På fritida trekker han i trådane i det spesielle sesongarbeidarmiljøet, litt hippie- og bohemprega.Men, under den tilsynelatande sorglause stemninga - i alle fall når det er tale om DDR - finst latent frykt og uro.DDR-borgarar flyktar ikkje berre over muren, mange prøver seg også på havet, over til Danmark, først og fremst Møn, og mange kjem aldri fram.Som niåring miste Kruso systera - korleis skal eg teie om - men hendinga har merkt han for livet, og fått han til å meine at havet på karta skal vere svarte, ikkje blå.
I 2014, då boka kom ut i Tyskland, fekk forfattaren «Deutscher Buchpreis», truleg landets mest prestisjetunge pris.Det skjønar eg godt, «Kruso» er ein mangfaldig roman.
Namnet Kruso er ein allusjon til Robinson, og boka kan lesast som ein robinsonade.Når det gamle, verbitne vertshuset ligg slik at det bokstavleg tala kan hamne i sjøen, les eg det som ein referanse til Atlantis som forsvann i havet.Det er ei rekke slike, blant anna til Bibelen.
Lutz Seiler debuterte med dikt så tidleg som i 1995, og har ei rekke diktsamlingar bak seg.Også det ber boka preg av, mange av dei sentrale personanehan skildrar er levande opptekne av poesi, og allusjonane til bøker av ymse slag er det mange av.
Romanen har ein epilog, «Edgars rapport», der Seiler skifter frå forteljar i 3. person til dokumentarist i 1. person på vel 35 sider.Det er lagnaden til dei som rømde, men som aldri nådde fram til Danmark, han er på leiting etter.Kva han finn og ikkje, skal eg teie om, men det gjev boka ein flott finale.
460 sider er i overkant, men eg hadde mange gilde og tankevekkande timar medan eg las boka.