Morder-Anders har akkurat sona ferdig den tredje drapsdomen, og livnærer seg som torpedo.Han knekker bein og armar på trege betalarar i underverda.Han drikk i meste laget, og oppdragsgjevarane er ikkje alltid heilt nøgde.Tilfeldig blir han kjend med ein kvinneleg prest som har mist trua på Gud og fått sparken, og ein desillusjonert resepsjonist frå ein rik familie som har mist millionane sine på grunn av slett forretningsverksemd. Saman arbeider dei ut ein forretningsidé som grunnleggande bygger på det Morder-Anders veit om kjeltringverda — og evna og viljen hans til å knuse kneskåler og knekke ulike bein i kroppen på dårlege betalarar.Millionane rullar inn.Men så blir Morder-Anders religiøs.Den kyniske resepsjonisten og presten som har mist trua finn ein utveg.Utan å røpe for mykje, det endar med eit gedigent fylleslag i ei nyinnkjøpt kyrkje!Det vil seie, dei greier saman å drive forretningsverksemda vidare, utruleg nok.
«Morder-Anders og hans venner (samt en og annen uvenn») er den tredje boka til Jonas Jonasson.Debutboka «Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant» (2010) og «Analfabeten som kunne regne» (2013), var underhaldane og artige.
«Hundreåringen» hadde eit historisk perspektiv, «Analfabeten» på sett og vis eit geografisk.Og kva med «Morder-Anders»?Religiøst?Ja, men det skurrar.
La gå, det går an å lese romanen som eit åtak på menneske som les Bibelen på same måten som ISIL les Koranen.Vinen er Jesu blod - og «Morder-Anders» sjølv og kyrkjelyden hans drikk det til overmål.Forfattaren og hans kvinnelege prest kjenner Bibelen, og har eit bibelvers på lur i dei fleste situasjonar. Det har også, etter kvart, sjølvutnemnd pastor «Morder-Anders». Han er ikkje den skarpaste kniven i skuffen, for å seie det på den måten.
Problemet er at dei tre hovudpersonane ikkje står til truande.Dei er, i beste fall pappfigurar, og for meg som lesar, uinteressante.
«Hundreåringen» fekk meg til å le så det høyrdest over heile huset, «Analfabeten» fekk meg til å flire slik at kona mi blei nyfiken.
«Morder-Anders» var tung å kome gjennom, og dei siste 20 - 30 av rundt 330 sider blei avgjerande.Den tredje boka til Jonas Jonasson held ganske enkelt ikkje mål.