Nifs og nervepirrande krim

løgnen.jpg

Tre menn og ei kvinne kjem med helikopter til eit isolert fyr ein stad på sørkysten av Island.Til og frå fyret er det berre muleg å kome med helikopter.Veret er langt frå det beste, og ei ekkel kjensle av at dei ikkje er åleine gjer ikkje opphaldet enklare. Ein familie har bytta hus med ein amerikansk familie i ferien, men når familien kjem heim, er amerikanarane sporlaust borte, og det er umuleg å få kontakt med dei.Ein kvinneleg politikonstabel, Nina, er prega av sorg og fortviling over ektemaken som ligg i koma etter eit sjølvmordsforsøk.Ho kjem på kant med leiinga, og blir sett til å sortere gamle saker i ein kjellar.Der finn ho eit referat frå eit gamalt forhøyr av ektemannen som liten gut — etter eit sjølvdrap i den same garasjen og på same måten som mannen hennar tilsynelatande valde.Resten av politirapporten i saka er fjerna.

Det får greie seg om det konkrete innhaldet, bortsett frå at dei tre historiene på uhyggeleg vis er knytte til kvarandre.I «Jeg vet hvem du er» frå 2012 er det to historier som er fletta saman, ganske elegant etter mi meining, i denne boka er det altså tre.I tillegg til å vere nifst, er det - ikkje minst litterært - gjort på ein overtydande måte.Eg kjende meg fleire gonger rimeleg sikker på at eg hadde løyst gåta, men nei, det var først heilt mot slutten at spenninga blei utløyst.

Yrsa Sigurdardottir blir av mange sett på som Islands ukrona krimforfattar, og «Løgnen» er godt krimhandverk.Ho likar å legge delar av handlinga til aude øyar eller klipper, og spelar ofte på uver og tåke. Grøss og gru er det flust av, og forfattaren sparer ikkje på verkemidla.Enkelte kapittel sluttar med eit kryptisk frampeik, men spesielt vellykka synst eg ikkje dei er.

Den mest interessante personen er Nina.Vi kjem ikkje under huda på henne heller,men ho er den mest samansette, og dermed også den mest spennande personen.Dei andre er overflatisk teikna opp, det er forresten ikkje så mange av dei heller.Heldigvis.Forfattaren nyttar dessutan Nina til å komme med skarp kritikk av det islandske samfunnet generelt, og politiet spesielt, når det gjeld overgrep mot kvinner.