Tankevekkande om å vere jeger

kroglund jakt002.jpg
Jegerhjerte.jpg

Boka har undertittelen «Jakten på jegerens hemmelighet», ein passande tittel, spør du meg. På ca. 150 sider tekst pluss 16 sider med flotte bilde, fortel Torolf E. Kroglund laust og fastom kva han meiner er karakteristisk for fleirtalet av dei på lag 500000 jegerane vi har i Noreg.Dei fleste er menn, sjølv om det, særleg i løpet av dei siste tiåra, har blitt ein del kvinnelege jegerar også.

kroglund jakt002.jpg

Kroglund prøver å finne ut av kva som er karakteristisk for den norske jakt— og fangstkulturen.I boka er han innom ei mengd ulike former for jakt: fugle- og småviltjakt, elg-, rådyr-, hjorte- og reinsdyrjakt, fugle- og rovdyrjakt osv. Kva er likt for dei ulike jakttypane, og kva er ulikt?Forfattaren prøver å kome under huda på den typiske jegeren - han leitar etter korleis «jegeren» ser på seg sjølv.Er det matauk som er drivkrafta, eller er det naturopplevinga, den fysiske utfordringa?Eller kanskje spenninga?

Slik eg les forfattaren , er det alt dette, og meir til.Eg oppfattar forfattaren som reflektert, og han peikar fleire gonger på at det er meir eller mindre umuleg å seie noko absolutt sikkert om kva som pregar den vanlege, norske jegeren.Kanskje er det uinteressant?I alle fall, etter å ha sitert Nick Cave, «In the end I am not interested in the things I can whoolly understand,» konkluderer han: “Sånn sett blir både de mest radikale rovdyrjegerne og de mest radikale rovdyrvennene tåpelige i mitt blikk.»

Dei 16 sidene med bilde fortener også å bli nemnt spesielt. Det eldste er frå 1894, men dei fleste er fargebilde frå vår eiga tid. Som så ofte elles, bilda fortel!

I motsetnad til forfattaren er eg ikkje jeger, men det skuldast at eg ikkje skyt godt nok, og eg har ein bror og mange vener som er lidenskapleg opptekne av jakt.Dessutan er eg svært interessert i historie, og Kroglund gjer ein poeng av at dei første menneska som valde å slå seg ned i Noreg etter den siste istida, var jegerar og samlarar.Jegerkulturen er altså eldgamal, og ligg kanskje «lagra» i genane til mange av oss?

Elles er det vel ganske mange av lesarane til Fædrelandsvennen som kjenner Torolf E. Kroglund som festivalsjef for Ibsen- og Hamsundagane / Sørlandets litteraturfestival. Og berre så det er sagt, fleire av dei mange jaktturane han fortel om i denne boka, er lagt til Sørlandet.