Erland Kiøsterud har denne gongen skrive ein slags dagbokroman.Notata blir teikna ned av ein pensjonateigar ein eller annan stad ved Oslofjorden seinhaustes og litt inn i vinteren.Han bur saman med kona, Magde-Marie.Gjestene pensjonatet har er, stort sett, anten uteliggjarar, menneske på rømmen eller rotlause eksistensar.Eit par døme, Danuta er frå Ungarn, Idi frå Angola. Det vesle som er av handling startar med at hovudpersonen opplever ei stille inni seg, ei overveldande, skremmande stille. Alt på andre tekstsida kjem dette: “Og så slo stillheten til igjen, ja veltet innover oss. For jeg er sikker på at det skjedde med de andre også. Selv om kanskje ikke alle var like klar over det.Lik en lydløs bølge rullet den med stor kraft inn mellom husene, gjennom byen.”
Slik eg les denne djuptloddande og intellektuelt svært utfordrande romanen, er denne stilla det eg vil kalle eit litterært bilde, eller ein metafor,for det faktum at for svært mange menneske, i alle fall i vesten, er trua på ein Gud borte.Kva fører dette til, for enkeltmennesket i kvardagen?Det prøver forfattaren å undersøke i denne boka.Og, så det er sagt, han gjer det med bravur.Dessutan, han gjer det så konsentrert, boka fyller knapt 90 sider.Det er ei bok ein kan lese om att og om att, og stadig finne noko nytt.
Språket er ein av dei sentrale nøklane for den som, unnskyld floskelen, vil forstå kva Kiøsterud vil formidle denne gongen.
Pensjonateigaren Kiøsterud har skapt skriv to ulike former for norsk.Ein døme på det første av desse norskformene er den siste setninga i boka: “Skreller poteter”.Stort meir kvardagsleg og registrerande er det vel vanskeleg å vere.
Det andre slaget norsk er poetisk og bilderikt.I andre avsnittet på første tekstside skriv pensjonateigaren: “Lyset som falt ned gjennom trærne, ned på fortauet, hadde en hvitaktig substans.Det vogngrønne bladverket regelrett sugde til seg lyset.”
Erland Kiøsterud er ein av få norske forfattarar som eg meiner har skapt seg eit heilt eige, litterært univers, frå debuten i 1973 med “Det som lever” til “Henders verk” i 2015.Det universet er samansett, men etikk har alltid stått sentralt. Det same har sterke naturskildringar, ofte med fantastisk flotte litterære bilde.“Henders verk” er den beste romanen eg har lese hittil i år.