Laila Stien har sidan debuten i 1979 med “Nyveien”, vore ein av dei absolutt beste novellistane vi har. Ho har også skrive i andre sjangrar, men det er i novelleforma ho utfaldar seg best.Dei sju novellene i den nye samlinga bekreftar det, ettertrykkeleg.Men, og det er viktig å få understreke, ho har både språkleg og episk gjort endringar.Som 69-åring ser ho i mange av dei nye novellene bakover til barne— og ungdomsår, dessutan har språket mindre dialektpreg.Eitt av dei sentrale trekka i novellene til Stien har vore, og er, evna til å få fram dei tilsynelatande bagatellane i dagleglivet, dei som likevel er så viktige, og som får fram personlegdomen til den enkelte. I tittelnovella ser ho bakover til eigen oppvekst.Ei gebrekkeleg bru, livsfarleg å gå over, skaper intens spenning, og fungerer dessutan som ein raud tråd gjennom teksten.Ordet balanse er ein nøkkel, balanse til å gå på steinane, eller over den livsfarlege brua. Personane er tidleg i tenåra, og dei erotiske kjenslene er det vanskeleg å handtere.Like vanskeleg som å krysse elva på den eine eller andre måten.
I “Dun” møter vi eit middelaldrande ektepar som ferierer på ei øy langt mot nord.I denne novella let forfattaren ektemannen bryte, skal vi kalle det uskrivne reglar for omgang med ukjende.Det vert etter kvart svært pinleg og vanskeleg å handtere, både for kona og dei ukjende.Aller mest for mannen sjølv, når han i etterkant bryt saman.Ei fantastisk flott novelle, der språkkunstnaren Laila Stien viser kva det er muleg å få fram med få, men velvalde ord. I den siste novella i samlinga, “Underveis”, er også meisterkloa på plass.Her er det også etter alt å døme gamle minne som ligg i botnen, om ein biltur over Finnmarksvidda til sjukehuset i Hammerfest.Her er det konfliktar mellom samiske og ikkje-samiske innbyggarar ho på ein avslørande måte pirkar borti.Det heile er, kjenner eg meg trygg på, bygt på erfaringar ho sjølv har gjort, og det er nok med på å gjere handlinga så nær og rammande.
Sjølv den, etter mi meining, svakaste av novellene, “Som snø”, er bra, men i denne har Stien gått vel langt i å kutte.Forteljaren fortel så fragmentarisk at eg ikkje får heilt tak i kva han prøver å fortelje.