Når ei ung jente blir funnen kvelt med ein hyssing, med kleda klipt sund og kjønnet barbert, er det inspektør Amaia Salazar som får ansvaret for etterforskinga.På kjønnet ligg ei baskisk tradisjonskake, ei Txatxingorri.Eit rituelt drap, som snart blir kopla til eit tidlegare drap, og ikkje lenge etterpå kjem fleire ungjentedrap. Overflatisk sett kan boka minne litt om det som vel på dårleg norsk blir kalla nordisk krim noir, men dette er ein roman som femner breitt, og loddar djupt.I tillegg til eit spennande plott, fyller forfattaren dei vel 400 sidene med praktfulle naturskildringar, krydrar handlinga med innslag av baskisk mytologi,seigliva overtru og ein psykologisk sett svært samansett hovudperson, som dessutan ikkje har det så enkelt familiært.Særleg forholdet hennar til ei syster er flokete.Opprullinga av fortida hennar er, meiner eg, skrivekunst i særklasse.Det er sjølvsagt ikkje uvanleg at krimheltar, kvinnelege som mannlege, blir plaga av demonar, men eg har lese få romanar der det er gjort så elegant og avkledande som i denne.
Etter å ha lese 60 — 70 sider, var eg litt betenkt.Forfattaren greip etter kvart fatt i mange personar, den verkelege spenninga var fråverande og eg fekk liksom ikkje tak i verken mennesket eller etterforskaren Amaia Salazar.Det endra seg mykje etter kvart, spenninga steig, personane fekk fleire og fleire sider, og Salazar blei svært mangfaldig.Som ein understraum gjennom boka renn ein jamn straum av erotisk spenning, det spesifikt feminine og dertil høyrande aner bakover og nye menneske, les barn.Dessutan, og det er viktig, som eit bakteppe fungerer ein slags tanke om det uskuldige og reine, for ikkje å seie jomfruelege.Det kan høyrast grotesk ut, men, tru meg, Salazar greier det på ein stort sett svært god måte. Med andre ord, bortsett frå dei rundt 150 første sidene, som nok kunne ha vore redigert på ein betre måte, er dette ein god krim.
Honnør til omsettaren , Kaja Rindal Bakkejord, for noko som må vere ein glimrande omsettarjobb. Spansk kan eg ikkje, men spesielt når det gjeld innslaga av baskisk mytologi og paganisme, må det ha vore litt av ein jobb å overføre dette til norsk, og likevel behalde den baskiske dåmen.