Hovudpersonen Lam er offiser i ein invasjonsstyrke.Kvar landet ligg er uklårt, men Sibir blir nemnt.Jobben er å knuse siste rest av motstand i det invaderte landet.Krigen blir ført med stor råskap, og det er ein desillusjonert offiser som gjer opprør mot vanvitet. Samtidig gjer han seg skuldig i eit så alvorleg krigsbrotsverk at han normalt ville ha fått dødsstraff.I staden blir han og mennene hans sende inn i fiendeområdet for å ta opprørsleiaren Livius, som skriv propagandalyrikk som eggar folk til å halde fram kampen.Sjansen for å overleve er vurdert til 20 %.Det blir ei iskald, brutal ferd.Korte innskot spreidde utover i boka rissar opp fortida hans, blant anna som akademikar. Debutboka “Thunder Road” (2009) var ein svært god oppvekstroman som lodda djupare enn dei fleste slike.“Livius” er også ein drivande god roman som i botnen handlar om kva krig gjer med menneska som deltek, om idealisme, om å bli desillusjonert, og om å finne meining i livet der nesten alle kjennemerka til eit sivilisert samfunn har gått tapt.
Namnet på hovudpersonen, Lam, er råkande. Som idealistisk innstilt intellektuell er han bokstavleg tala lamma, han blir tvinga til å gjere det han ikkje vil.Lammande er også omgjevnadene, den iskalde, frosne verda, dei kalde skogane, for ikkje å tale om dei avstumpa mennene.Ja, mennene, for den einaste kvinna som vi får høyre litt om er krigsfange, og blir seksuelt misbrukt av både offiserar og meinige soldatar. Utan å røpe korleis, det er denne kvinna som får Lam til å gjere noko som kvalifiserer til dødsstraff i krig.
Språkleg er Kaasa suveren.Han skriv relativt enkelt, men klangfylt nynorsk som høver som hand i hanske til innhaldet.Dessutan gleder han lesaren med flotte, litterære bilde.Etter å ha skrive at ein gut hadde teke av seg lua, kjem det: “Det kastanjebrune håret var så samantrykt at det såg ut som om det var smurt på skallen hans som pålegg.”Eitt døme til, etter at han har kome over ei rotvelte, heiter det: “Rotsystemet skreva mot meg.Dei av røtene som ikkje var kapsla inn i mold, sprella som blekksprutarmar i vinden.”
Til slutt, namnet Livius er heller ikkje tilfeldig.Den romerske historikaren Titus Livius frå tida rundt år 0 i tidsrekninga vår, har vore ei inspirasjonskjelde for forfattaren.