Solefall er den 7. boka med den tidlegare etterretningsagenten Tom Falck som hovudperson.Han får lese eit brev som kjærasten hans, NRK-journalisten Hanne Sørensen har fått, der ein eldre ukjend mann bed henne granske dødsfallet hans viss han skulle reise av sted før sin tilmålte tid. Eit dårleg bilde av to personar følgde også med, teke inn gjennom eit vindauge.Eit uoppklara drap på ei 14 år gamal jente 6 år tidlegare blir interessant etter kvart.Ho blei sist sett på den garden der ein mann blir funnen død etter sjølvdrap.Eller var det mord?På same tid skal norske styresmakter bestemme kven som skal få ansvaret for tryggleiken i samband med den største investeringa Noreg nokosinne har gjort; oppbygginga av jagarflybasen for F15 på Ørlandet.Storpolitikk altså, og store pengar.Saman med politimannen Kurt Knudsen blir Tom Falck trekt inn i ei sak som etter kvart blir dramatisk, med drap og overfall.
Solefall er den første boka eg har lese av Braa.Det eg har lese om forfattaren er at han i tidlegare bøker har hatt mykje fakta i botnen. Det er ein del fakta i botnen i denne boka også, og fleire slag maktmenneske får så hatten passar.Men, hovudplottet er skapt i hovudet til Braa.Og, så det er sagt med det same, eg er ikkje spesielt imponert.Eg meiner eg er ein røynd lesar, også av krim.Det blir for mange personar å halde styr på, og, endå verre, for mange historier som vaker i bakgrunnen, men som er perifere i forhold til jagarflyplassen, og dei mange milliardane denne utbygginga representerer.
Ikkje misforstå, romanen manglar ikkje logikk.Braa er profesjonell nok til å hanke inn alle lause trådar i forteljinga, men det som er hovudpoenget til forfattaren, kampen om milliardane til jagarflyplassen for F15 på Ørlandet, druknar etter mi meining litt i mindre sentrale sidespor.Det finst eit slags band mellom drapet på den 14 år gamle jenta, og sjølvmordet til den gamle mannen, som altså eigentleg er eit drap, men for meg verkar samanhengen konstruert.
Knut A. Braa er ein dyktig krimsnekkar, også i Solefall. Men, det eg har lese av meldingar av dei tidlegare bøkene hans, får meg til å tru at han kanskje bør satse på meir faktaprega krim, med tunge fakta i botnen.