Mislykka psykologisk thriller

Himmelstrand.jpg

Blå himmel og grønt gras er det einaste som møter augo til 10 menneske då dei vaknar opp ein morgon. Campingplassen, havet, trea, summetonen i mobilane; alt er borte. Radioen sender berre låtar signert Peter Himmelstrand, populær svensk låtskrivar som døydde i 1999. To bønder som har tydd til kvarandre etter at konene reiste frå dei, eit dysfunksjonelt ektepar med ei jente full av vondskap, og eit tilsynelatande lykkeleg par med ein litt ubestemmeleg son. Endeleg, ein bøllete mann, og den stille og milde kona hans. Grøss og gru blir det etter kvart; skyting, syreregn, gjengangarar, mørke veggar, underlege lukter osv. Dessutan, alle personane, også dei to barna, slit med vonde minne; minne som manifesterer seg i til dømes ein kvit skapning som kanskje er døden. Eller i ein svart tiger, i ein mørk tunnel.

Ingrediensane til ein verkeleg grøssar er på plass, men denne gongen har John Ajvide Lindqvist, etter mi meining, rota bort eit godt anslag. Eg måtte lese dei siste 200 sidene to gonger før eg begynte å skjøne kva som gjorde at boka ikkje fenga. Forfattaren gaper rett og slett over for mykje. Det er meir eller mindre klåre allusjonar til bibelen, låtskrivaren Peter Himmelstrand har eg alt nemnt, James Stewart, helten frå ei mengd westernfilmar ploppar nokså tilfeldig opp i ei rolle han avgjort ikkje kler. Det er meir, til dømes tilsynelatande intellektuell diskusjon om Gud finst eller ikkje. Eg understrekar tilsynelatande intellektuell, faktisk blir det altfor ofte, og særleg mot slutten, det eg beintfram vil kalle langhalm.

Eg har lese berre ei bok av forfattaren før, «Lille stjerne». Den var god, og eg vil vel karakterisere innhaldet som sosialrealistisk, med ein god del grøss. «Himmelstrand» er eit forsøk på å skrive ein psykologisk grøssarroman.

Kva er meininga med livet? Grunnleggande spørsmål vaker gjennom siste halvdelen av boka, men det blir for lettvint, for overflatisk. Vil forfattaren briljere, imponere ved å vise at han kjenner til litterære grep som allusjonar, bibelkunnskap og underliggande bodskapar i songtekster? Når Olof Palme mot slutten dukkar opp, blir forvirringa total. Mageplask er ordet som renn meg i hug. Alt renn ut i sanden.