Sjølvbiografiske glimt frå ein middelaldrande kar

Essays er sjangernemninga forlaget har gjeve boka. Både på nynorsk og bokbål heiter essay i fleirtal essay. Slumsete, Gyldendal! Nokre av tekstene i "Postkort frå alle tings utkant" har essaypreg, men brorparten er sjølvbiografiske skisser, stort sett velskrivne og lettlesne — med mange skjønnlitterære trekk. Temaa er mangfaldige: oppvekst i ein pinsevenheim, sundagsskule med mamma, rustne bilar,

Postkort-fra-alle-tings-utkant_hd_image.jpg

amerikadraumar, møte med kjendisar, pop— og rocketekster, tøffe år som tenåring osv.

Forfattaren hyllar det rurale, det enkle, det tradisjonelle. Hektisk, urbant liv har han lite til overs for. Han laut lese Tarjei Vesaas, "Det store spelet" i sjuande klasse - det gav inga god kjensle. Derimot har han mykje godt å seie om Donald Duck, som han skriv har vore ei sterk inspirasjonskjelde. Ei lang rekke musikarar og låtskrivarar får også mykje merksemd: Bob Dylan, Alf Prøysen, Guy Clark, Elvis Presey, Woodu Guthrie osv. "Det store norske anslaget" skil seg etter mi meining ut. For det første er dette eit verkeleg essay, eit verkeleg forsøk på å skildre forfattarambisjonar, tilløp til skrivesperre - og ein stor porsjon filosofering rundt dei to orda "Jeg stuper".

Konklusjonen er at "Postkort fra alle tings utkant" er grei tidtrøytte, men ikkje så mykje meir heller.