Strålande omsetjing av vanskeleg litteratur

Paul Wilhelm «Willy» Kyrklund blei fødd i 1921 i Helsinki og døydde i Uppsala i juni 2009. Han debuterte i 1948 med novellesamlinga «Ångvälten». I 1951 kom romanen «Solange», omsett til norsk ved Jan Erik Vold i 1996. Dei to bøkene som her kjem i ei bok, kom i 1952 «Mästaren Ma» og i 1964 «Polyfem förvandlad».

polyfem.jpg

Samlaget har gjeve bøkene ei vakker utforming. Dei er trykte slik at båe sidene av boka er ei framside. Ho er solid innbunden i vakre fargar. På midten – der ein må snu boka for å møte den andre teksten – er det eit kort essay om forfattarskapen av Gunstein Bakke. Eg tilrår gjerne at lesaren tek til med denne stutte innføringa.Bakke hevdar ar Kyrklunds skriving er ein måte «å hanskast med visse problem på – problem av kunnskapsteoretisk og eksistensiell karakter. Eit av dei største og mest smertefulle er korleis det individuelle medvitet kan handtere innsikta om si eiga vilkårlege, snart oppløyste form». Vidare seier han at «Å leve er å likne, å avhenge, å påverkast. Språkbruk er å inngå i eit omløp, ei omdanning, eit sus. Den litterære verksemda til Kyrklund handlar til dels om ein slik omdanningspraksis, om å delta i det uferdige og pågåande og motstå freistinga til oppbygging og sluttprodukt». Hos Kyrklund er «det litterære meir enn noko anna ein måte å materialisere ei filosofisk grunnhaldning på», seier han. Og sjølv Bakke kan innrømme at desse bøkene i si form av og til nærmar seg «grensa for kva som er leseleg».

Eg har altså lese. Og eg fann «Meisteren Ma» meir tilgjengeleg enn «Polyfem forvandla». «Meisteren Ma» er i stor grad ein samtale mellom Ma’s tankar og dei to kommentatorane Yao og Li. Stundom vert det reint morosamt, andre gonger heller grotesk, og ofte kjem det filosofiske eller rett folkelege visdomsord: «Høgt skattar eg kjærleiksdikting, men det er likevel noko eige ved det å ha sjølve jenta, synest eg». Eller denne: «Å falle i ei elv og diskutere kva som omgir ein på alle sider, kan ha si interesse. Men å symje er viktigare. Å fødast til menneske og diskutere kva som omgir ein på alle sider, kan ha si interesse. Men å leve er viktigare». Det var slikt som gav meg inspirasjon til å lese vidare. «Polyfem forvandla» må eg har meir tid på, rett og slett. Men heile tida kan lesaren gle seg over Bakkes sikre språkkunst.