Lars Monsen (53 år gamal) kjenner vi vel alle som ein «villmarkas son».Øivind Berg (61) er kanskje mindre kjend, men han har skrive rundt 40 barnebøker, dei fleste om natur og friluftsliv, pluss ein del bøker for vaksne — ofte i samarbeid med andre.Illustratøren, Christoffer Grav (33), har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker for mellom anna Cappelen Damm og Gyldendal.På papiret i alle fall, eit formidabelt trespann.Og, så det er sagt med ein gong; «Hva villmarka lærte meg» er ei god bok for unge lesarar.Ja, eg kunne, som bestefar, godt ha tenkt meg å lese ho for barnebarna mine, viss dei ikkje hadde vore gamle nok til å lese sjølve. Det første kapitlet har tittelen «Helt alene i skogen for første gang», og skildrar korleis ni-åringen opplever den første turen med overnatting, åleine, frå laurdag til sundag på Øyungen i Nordmarka.Eit stykke på veg kjenner eg meg att - eg hadde foreldre som let meg farte åleine i fjellet i ung alder.Eg overnatta ikkje åleine i telt som ni-åring, men som ti-åring streva eg meg fram til ei primitiv hytte i høgheia vest-nord-vest for Breive ein augustkveld i 1952. Andre kapitlet fortel om Lars som 12-åring, altså i 1975.Han tek fly åleine, til Nord-Noreg, nærare bestemt til Eggesvik, ikkje så langt frå Bodø, der mor hans vaks opp.Det meste av sommaren 1975 opplever han fantastiske dagar og netter i midnattssolas land.
Boka har 12 kapittel på 100 sider, om fiske- og jaktopplevingar, om vinterstormar der det står om livet, om fantastiske augneblinkar i møte med storvilt som elg - dramatiske opplevingar i kano og…
Illustrasjonane til Christoffer Grav - i fargar - er det eg kallar utfyllande.Det vil seie at dei utvidar inntrykka augneblinkane som ordaskildrar, laga slik at dei stimulerer lesaren til å nytte fantasien.Det 12. og siste kapitlet er «Til Alaska med Geronimo», datert til 1999, så det er klårt at trioen har planlagt fleire bøker om natur-, jakt- og fiskeopplevingane til Monsen.