Forlaget har ikkje gjeve opp nokon sjanger for denne boka. Det skjønar eg godt. «Kampen for håpet» er ei svært personleg og gripande forteljing om livet til forfattaren i ca. 21 månader frå november 2007 då mannen hennar, advokaten Stig Tufte-Johnsen, blir diagnostisert med aggressiv kreftsvulst i hjernen.Statistikken fortel at sjukdommen betyr døden i løpet av tre månader.Noko seinare blir far hennar, som er frå Mandal, lagt inn på sjukeheim for å døy. Forfattaren er professor i sjukepleie og forskar på håp hos pasientar og pårørande.Ho har tre barn, og boka handlar også mykje om dei.I løpet av dei 21 månadene mannen hennar levde etter diagnosen, skriv ho dagbok, tar fleire steg i retning av å bli professor; og båe delar ligg i botnen av forteljinga.Sterk kost, om korleis hennar håp blir sett på prøve.Slik forfattaren skildrar forholdet til ektemaken Stig, må det ha vore eit lykkeleg ekteskap.Eg trur henne.
Vibeke Lohne har skrive ei viktig bok, der ho fortel ope om korleis sjukdomen til ektemaken meir og meir pregar kvardagane i familien; hennar reaksjonar, hennar fortviling, hennar håp, hennar hjelpeløyse i møtet med aggressiv kreft i hjernen til ektemaken.Barnas reaksjonar, korleis omgangskretsen reagerer; eg let meg imponere. Eg opplever boka som svært ærleg.
Det er likevel eit men , eit stort aber.Boka fyller om lag 235 sider, fordelt på 16 kapittel.At forfattaren har skrive boka meir med hjarta enn hjernen i bakhand, det forstår eg godt.Men, og her vil eg vere krystallklår, eg meiner konsulentapparatet til forlaget har gjort ein elendig jobb.
«Kampen for håpet» har, slik boka står fram i dag, blitt ei heilt grei bok om håp og fortviling i møte med ein sikker død i løpet av relativt kort tid.Ho kunne ha blitt så mykje meir, ei bok som kunne ha blitt ståande som boka om håp — der det eigentleg ikkje finst.Ei kraftig innstramming hadde vore nok.Eg skal ikkje gå i detaljar, men viss dei rette 80 - 100 sidene hadde blitt strokne, ville eg ha gjeve boka toppkarakter.