I «Ondskapens kall» møter vi for tredje gong afghanistan-veteranen og privatdetektiven Cormoran Strike og den kvinnelege assistenten hans, Robin Ellacott.Robin får eit kvinnebein i ei kasse levert på døra, men Cormoran er — av fleire grunnar - sikker på at pakka er til han.Han meiner dessutan å kunne peike ut fire personar som kan vere avsendaren.Alle er psykopatiske sadistar og ekstremt valdelege.Medan politiet og tospannet Robin og Cormoran leitar etter gjeningsmannen, dukkar det opp fleire kvinnelik der kroppsdelar er skorne vekk.Endeleg, Robert Galbraith, alias J.K. Rowling (Harry Potter), gjev oss også innsyn i psyken til seriemordaren.Vondskapen er fullstendig grenselaus.Mot slutten viser forfattaren at ho kan skape spenning.Korleis skal eg teie om, men dei siste 50 sidene er årsaka til at eg ikkje endar på eit endå lågare terningkast.
Som norsklærar i ungdomsskulen følte eg at eg måtte lese i alle fall eit par av bøkene om Harry Potter, den «gode», og Voldemort, den «vonde». Dei tiltala meg ikkje.Den skravlande, utpensla språkstilen, som openbart gjekk heim hos mange, synst eg ikkje passa innhaldet til fantasy-bøkene.
I «Ondskapens kall» er språket minst like snirklande og utbroderande, og eg synst det høver svært dårleg i ein roman som skildrar så mykje djevelskap.Sjølv om Strike miste mykje av den eine foten i Afghanistan, er han ein barsking som kvinner, også assistenten hans, Ellacott, let seg fascinere av.Kor mange gonger forfattaren hintar om at dei to har sterke kjensler for kvarandre, er eg lykkeleg uvitande om, men det er for mange.Plottet som ligg i botnen er ikkje heilt ueffent, men å bruke 520 sider på å utvikle det, er noko nær meiningslaust.200, kanskje 250 sider, men det dobbelte! Det verste er kanskje personteikningane - av kjeltringane.Dei blir reine monster, pappfigurar som psykologisk ikkje heng i hop.
Er eg ein gretten, gamal gubbe som ikkje har følgt med i timen? Eg trur ikkje det. «Ondskapens kall» held ikkje mål.