Interessant om lakselva Otra

Otra_0002.jpg
Erling Sandø.jpg
Erling Sandø.jpg

Denne boka har undertittelen «Elva med de store laksene», og skildrar det tradisjonelle yrkesfisket — og sportsfisket - i Otra i det førre hundreåret fram til midten av 1950-talet.Då gjorde kloakkavfall og forureining frå industri at laksen blei borte.Det meste av boka dekker tida frå 1920 til 1955. Forfattaren er full av entusiasme og har omfattande kunnskap om både fisket og fiskarane.Han har hatt eit stort, skriftlegkjeldemateriale å arbeide med, og formidlar verdfull kunnskap til ettertida.Noko av det mest interessante, er det forfattaren formidlar av fakta om den kampen grunneigarane førde på slutten av 1930-talet, då dei gjekk heilt til topps for å få erstatningar for skadane industrien hadde ført til.

Otra_0002.jpg

Forfattaren har budd like i nærleiken av Otra heile livet, og har eit sterkt forhold til elva og laksen i ho.Ei mengd gamle bilde viser vaksne og barn som poserer framom kamera med til dels svært stor laks.Ja, etter det Sandø fortel, blei det i si tid tatt laks på nær 30 kilo.Bilda er like forteljande som teksten, og det er svært mange av dei, både i fargar og svart-kvitt. Det blir vist til mange laksefiskarar i boka, men eg skal berre nemne ein, lokalhistorikaren Gunstein O. Lien, som Sandø mellom anna fortel dette om: «Med sirlig håndskrift har han nedtegnet sine kunnskaper og erfaringer om elva, virksomheten der, og folket, i en håndskrevet protokoll som er donert til Statsarkivet i Kristiansand av etterkommerne.»

Forfattaren fortel at han i 2002, som leiar for kultiveringsutvalet i Otra Laxefiskelag, foreslo å engasjere ein profesjonell forfattar til å skrive boka.Svaret var nei.Det er litt synd, for boka verkar litt rotete.Forfattaren har kunnskapane og kjeldematerialet, men redigeringa er ikkje heilt god.

Likevel, «Otra» er ei bok som formidlar masse kunnskap, og som er verdt å lese.Sjølvsagt mest for dei som bur i den lakseførande delen av elva, men sjølv eg, i Bykle, synst det var interessant å lese laksehistoria til Erling Sandø.