Finansakrobat misser grepet og går amok

viveca sten omslagsbilde.jpg
viveca sten omslagsbilde.jpg

«I maktens skygge» er den sjuande boka i ein planlagd serie på ti under overskrifta «Mordene i Sandhamn».Eg har ikkje lese nokon av dei seks første, men registrert at forfattaren har hausta både lovord og ikkje så altfor gode omtalar. I denne boka blir vi kjende med den nokså frynsete finansmannen Carsten Jonsson, ein oppkomling, som har gift seg til pengar.Han har satsa stort på eit nytt og flott feriepalass i Sandhamn.Fleire grannar, med ein kranglevoren advokat i front, Per-Anders Agaton, har lite til overs for det glorete nybygget.Risikokapitalisten Jonsson har investert tungt i Russland — det er oftast risikosport.Thomas Andreasson, med 20 års fartstid som politimann, får mange problem, og kan ikkje hindre at hus brenn ned, og at menneske blir mishandla - og drepne.

Forfattaren har konstruert eit greitt plott, som på eitt punkt gjorde at eg først heilt mot slutten forstod kven som hadde knust eit vindauga i feriepalasset til Jonsson, og også elles skapt problem for finansmannen Carsten Jonsson. Eit pluss i margen.

Men personskildringane haltar, eg synst verken finansakrobaten Jonsson, den engelske kona hans eller til dømes etterforskaren Thomas Andreasson, verkar heilstøypte.Det kan, eit stykke på veg, skuldast at eg ikkje har lese dei seks første bøkene i serien, men ein heilt oppegåande krimforfattar burde vel ha greidd å få Thomas Andreasson til å stå fram som ein person som heng på greip.

Boka er delt inn i 98 kapittel, pluss ei innleiing i kursiv - og eit etterord som under overskrifta «Forfatterens takk», startar slik: «I maktens skygge» var boken som ikke ville la seg skrive.Den var balstyrig, motvillig og stort sett vanskelig å ha med å gjøre».

Ja, etter å ha lese ho med andakt, skjønar eg dette, skal vi seie, hjartesukket. Boka er ein bra krimroman, men heller ikkje meir.Særleg dei første 200 sidene - av i alt på lag 450 - er prega av altfor mykje av det eg må kalle småpludring.For å summere opp, bra tidtrøytte, men heller ikkje meir.