Ein mentalt sjuk, men intelligent seriemordar går laus .
Ei ung kvinne, i dundrande bakrus, vaknar opp i ein kald kjellar.Ho veit ikkje kvar ho er, korleis ho har hamna der — eller kven kidnapparen er.I nærleiken blir lika av fleire unge kvinner funne. Det er ein familie; mor, far og to barn som finn den første.Alle dei tre som blir funne har truleg svelta i hel, og har ei tatovering av ein blå fugl på høgre skulder.Etterforskaren Helen Grace i politiet i Southampton skjønar at det er tale om ein seriemordar, mentalt sjuk, men også med evner og ressursar.Rivalisering i politietaten skaper problem, særleg fordi Grace snart blir klår over at det hastar.Med det første kan ei ny kvinne kome til å døy. Skildringa av den psykisk sjuke, men samtidig lynande intelligente drapsmannen er imponerande.Å få ein slik person til å stå fram som truverdig er vanskeleg, men Arlidge greier det på ein overtydande måte.Eg registrerer dessutan at den mannlege forfattaren fortel at både Helen Grace og andre kvinnelege i politietaten i Southampton må kjempe mot fordommar.Men, han peikar også på at «kvinne kan vere kvinne verst», utan at eg skal seie meir om korleis.
«Dukkehuset» er den tredje krimboka til J. M. Arlidge, 42 år gamal, og i 15 år produsent av kvalitetsseriar for TV, blant andre BBC.Det pregar denne fascinerande romanen - på ein positiv måte.Skildringane er visuelle, handlinga er samansett av scenar, meir og meir dramatiske utetter i handlinga.Slutten er formidabel, ekstremt dramatisk og velskriven.
Eg har berre lese om dei to første krimbøkene til J.M. Arlidge, «Elle Melle» (2014) og «Bro Bro Brille» (2015),med Helene Grace i hovudrollen, og omtalane er stort sett svært rosande.Det undrar meg ikkje, forfattaren er ein dyktig krimhandverkar.Men, og det er viktig, etter om lag 200 sider, kjem nokre kapittel som - i alle fall for meg - verkar for lange. Skildringa av uroa og rivaliseringa i etaten kunne ha vore stramma inn.Men, sett under eitt, «Dukkehuset» er ein drivande god roman.