Sjarmerande, hjerneskadd helt

Elleve-dager-i-Berlin.jpg
Elleve-dager-i-Berlin.jpg

Hovudpersonen i denne velskrivne romanen er 35 år gamle Arne Murberg.Som ung får han ein alvorleg hjerneskade i ei stupeulykke.Etterpå er han ikkje den skarpaste kniven i skuffen, droppar ut av skulen, men er snill som eit lam, og jobbar i tobakksforretninga til faren.Då faren ligg på det siste,får han eit oppdrag; å dra til Berlin og finne mor si, Violetta Dufva.Eit skrin får han også, som ho skal ha.Opphaldet i Berlin taklar Murberg bra, trass i ei fyllekule. Det å skildre tankeverda, psyken, til ein hjerneskadd person er svært krevjande.Eg synst Nesser greier det på ein overtydande måte, Arne Murberg står definitivt til truande.Det same gjeld forresten alle personane, sjølv om han ikkje går like grundig til verks med alle.

I tillegg til den sentrale historia, har forfattaren arbeidd inn to andre.Den første handlar om ein schizofren professor, Anatolis Litvinas, som har vore på ein institusjon i tre år, men no slår seg ned i Berlin.Han har sinnsjuke planar.Endeleg er det ei veikhelsa, men elles oppegåande ung kvinne, Beate Bittner.Mange personar altså, og det at forfattaren mot slutten av boka greier å samle alle trådane til ein dramatisk finale, fortel mykje om krimsnekkaren s.

I boka får vi også oppleve ei tidsreise tilbake i tid, til ei heks som skal brennast, nifs spenning og underlege møte med det overnaturlege.Endeleg, Astrid Lindgren og nokre av hennar personar utan det store flogvitet, går som ein raud tråd gjennom boka.

«Elleve dager i Berlin» er den tredje og siste i storbytrilogien til Nesser.Dei to første var: «Carmine Street» og «Himmel over London».Ei absolutt verdig avslutning, men eit par innvendingar har eg.Plottet er godt krimlitterært handverk, men ei viss innstramming i første halvdelen av boka, hadde gjort godt.Både hovudpersonen og eit par til i persongalleriet gjer det freistande å bikke over i det sentimentale.Eg meiner han ikkje gjer det, men kanskje er han litt nær grensa?