Smilande skjergardskrim

døde fiskere trekker ikke teiner.jpg
døde fiskere trekker ikke teiner.jpg

Guttorm Eskild Nilsen (62) frå Arendal har vore journalist i Agderposten og redaktør i Tvedestrandsposten, og fleire vekeblad og A-Magasinet har trykt ei rekke noveller av han.Han har og laga fleire krimgåter til krimfestivalane til forfattar Hans Olav Lahlum i Tvedestrand. I «Døde fiskere trekker ikke teiner» har han samla sju korte noveller, pluss ei lang på snautt 40 sider.I den lange forteljinga, trekker han trådar tilbake til 2. verdskrigen.«Blodpenger», som er tittelen, har eit intrikat, men ganske elegant plott.Etter å ha lese 10 sider, var eg ikkje spesielt imponert, men 10 sider seinare var eg hekta og greidde ikkje å legge boka frå meg før alle sidene var lesne, sjølv om det leid godt inn i dei «små timane».

Portrett Guttorm Eskild Nilsen.jpg

Som byklar har eg ikkje det heilt nære forholdet til den sørlandske skjergarden, men eg har faktisk opptil fleire gonger putra rundt mellom øyar og skjær med harpa ute — og hanka inn både torsk og makrell.Sagt på ein annan måte, naturskildringane til forfattaren tiltalar meg.Det same gjer ei lang rekke geipande merknader.Eg skal ikkje røpe meir enn at i «Blodpenger» får vi eit overtydande bevis for at forfattaren har eit nært forhold til el-syklar.Forresten ein ting til, eg lo så tårene trilla. Plotta i dei sju korte novellene i samlinga er greie.Ikkje spesielt originale og spesielle, men dei held mål.Fleire personar frå «Blodpenger» møter vi att i ein del av dei stutte tekstene, noko som sikkert ikkje er tilfeldig.Sjølv om forteljingane er oppdikta, har eg ein aldri så liten mistanke om at ein del av personane, særleg på politisida, har verkelege personar som modellar.

Tittelnovella, «Døde fiskere trekker ikke teiner», har forfattaren plassert til slutt i samlinga.Reint kriminalteknisk er kanskje denne teksten den som imponerer mest.På berre seks sider greier Nilsen på forunderleg vis å overtyde oss som lesarar at salte berggylter faktisk kan avsløre ein iskald drapsmann!Eg hadde nokre artige timar med «Døde fiskere trekker ikke teiner.»