Nært og sterkt om kjærleik, hat og stoltheit

haugland bilde.jpg

Hovudpersonen Atle Vilder, 52 år gamal, bur ein stad på Vestlandet, er gift med Lise, 45, og far til Beate, 28 år.Han har ikkje hatt kontakt ned Lise på 28 år, og har også brote med faren, Bernhard Vilder, steinrik gründer i oppdrettsbransjen, og ein brautande mann som Atle meiner hadde skulda for at mor hans døydde då han var seksten.Bestefaren, George Vilder nærmar seg 100, det var han som starta med lakseoppdrett. Sonen hadde utvikla dette til ein pengemaskin.Mot slutten av mars blir Atle Vilder beden om å styre eit svært prosjekt som skal ende opp med eit flott fotballstadion, finansiert av Bernhard Vilder.Atle forstår at det er faren som har trekt i trådane, men er likevel innstilt på ta jobben og kanskje kome til ei forsoning med faren.Eit brev frå Lise kjem på same tid, og meir skal eg ikkje fortelje om den konkrete handlinga. Lesinga av ei ny bok av Haugland har eg alltid gått til med ei viss andaktskjensle, etter at eg las debutromanen “Under” frå 1994.Han skuffar ikkje denne gongen heller. “Mørk materie” er ein velskriven, djuptpløyande roman om, mellom anna, kjærleik og hat, om stoltheit og vilje til kompromiss, generasjonsmotsetnader og far-son-forhold.

Det er også ei bok om det moderne Noreg, med gründerar som Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten. Eg har også lyst til å minne om romanen “Den sjette verda” frå 2005, der Haugland skriv om den bortkomne sonen som til sjuande og sist vel å kome heim.Korleis det endar, skal eg ikkje seie det minste om, verken i boka frå 2005 eller den nyaste frå 2015.Men, her må det leggast til eit sentralt poeng, denne romanen handlar grunnleggande om forholdet mellom det ytre, konkrete menneskelivet på den eine sida, og det indre, gjerne ikkje uttala, på den andre. Boka handlar også om dei mørke sidene av livet.

Det er fort gjort , i ein bokomtale, å røpe for mykje om innhaldet.Likevel vil eg minne om at talet 28, som bakvendt pryder framsida av omslaget, er eit såkalla magisk tal.Tittelen, “Mørk materie” er forresten velvald.Nynorsken hans er enkel og grei, men orda er valde med andakt.Oppattakingane er med på å skape ein slags mjuk rytme, som kler innhaldet.