Sterkt om Srebrenica-massakren

stemmer fra srebrenica forside grå-kopi 2.pdf
stemmer fra srebrenica forside grå-kopi 2.pdf

Den 11.7.1995 er startdatoen for det verste folkemordet i Europa etter holocaust.Serbiske militære skil kvinner og barn frå menn.Barna og kvinnene blir transporterte bort frå Srebrenica.I løpet av få dagar blir 8372 gutar og menn massakrerte, medan nederlandske FN-soldatar nærast står og ser på. I «Stemmer fra Srebrenica» har forfattaren Jóna Hafdis Einarsson intervjua 12 unge vaksne 20 år etterpå.Dei var barn i 1995, dei fleste små barn som knapt skjøna kva som hende.Det er sterk kost for ein som var 63 år gamal i 1995, og som minnest mediaoppslaga den gongen.Vi har ikkje lov til å gløyme slikt!

«Stemmer fra Srebrenica» er ei god og nødvendig bok.Ho fortel om barn som i ung alder opplevde at brør, fedrar, og bestefedrar blei drepne.Dei opplevde mødrer og systrer som ikkje makta å takle vanvitet.Dei klamra seg i mange år til ei von om at ein far, ein bror, ein bestefar eller onkel, skulle kome att.Dei blei, nesten alle, skuffa.Det er gripande lesnad.

Eg let meg imponere av at dei unge vaksne greier å skape seg eit liv der ikkje hatet mot dei som gjennomførde massedrapa, styrer dagleglivet.Dei har greidd å innsjå at hat ikkje er noka løysing, det kan ikkje gjenopplive dei som er så sårt sakna.

Men, og det er eit viktig poeng , dei som har blitt intervjua, taklar dei psykiske påkjenningane, i alle fall stort sett, ganske godt.For godt?Sjølvsagt ikkje, men det er problematisk at i denne dokumentaren er alle intervjuobjekta — utan unntak - ressurssterke kvinner og menn.Dei har alle saman, meir eller mindre, takla opplevingane for 20 år sidan, på ein god måte.Enkelte norske krigsseglarar makta også det, men svært mange gjorde det ikkje.

«Stemmer fra Srebrenica» hadde blitt ei mykje betre bok dersom forfattaren også hadde intervjua nokre som ikkje var sterke nok, nokre som braut saman.Vi veit alle at slike fanst - og at dei var mange.Men, for all del, «Stemmer fra Srebrenica» er ei viktig og aktuell bok, særleg no som mange frå Syria kjem til landet vårt.