Rått og sterkt frå Stockholms underverd

Vallgren Svin Bilde.jpg
Vallgren Svin Bilde.jpg

Imponerande, men litt sterk kost for meg.

Etter å ha lese om lag halvparten av «Svin» var det tre ting som surra i hovudet.For det første, tittelen er velvald, her

Vallgren Svin Bilde.jpg

handlar det om menneskeleg svineri.For det andre, dette er såkalla «krim noir» a la til dømes Jo Nesbø.Og, det tredje og viktigaste, her er det eit plott med så mange lause trådar at det berre er ein verkeleg dyktig litterær handverkar som vil greie å samle alle på ein måte som står til truande.Så det er sagt med det same, Vallgren består prøva, med nesten toppkarakter!

Tidlegare rusmisbrukar og småkjeltring Danny Katz er hovudpersonen, slik han var i «Skyggegutten» som kom på norsk i 2014.Han prøver å finne ut kva som har skjedd med ein tidlegare kamerat, narkoselgaren Ramon og kjærasten hans, Jenny.Katz finn Ramon, død etter ein overdose, og Jenny har forsvunne — inn i pornoindustrien viser det seg etter kvart.

To andre er sentrale, først Jorma Hedlund, som eigentleg har lagt kriminaliteten bak seg.Men så blir eit tips om ein verditransport for freistande.Det går frykteleg gale, men han blir vitne til at ein politimann bokstavleg tala avrettar ein av medarbeidarane til Katz under ranet.

Den tredje er den skilde Eva Westin, statsadvokat, som saman med politiet i Sarajevo held auga med forbrytarar som opererer både i Sverige og i Bosnia-Hercegovina.Det blir etter kvart mange, til dels bestialske, drap.

Det bli også mange tragiske kvinnelagnader, unge jenter frå Aust-Europa stort sett, som blir offer for menneskehandel og groteske, seksuelle overgrep.Spenningsnivået er ganske høgt heile vegen, og sjølv om personteikningane ikkje er spesielt djuptloddande, står dei til truande.

Særleg Katz, som har vore nykter i eit tiår, men som framleis til tider strevar med abstinens, er spennande, også som person.

Boka er på rundt 370 sider, verken for mykje eller for lite i høve til det fiffige plottet. Groteske drap, skikkeleg ufyselege sexskildringar - ofte med perverse trekk - og ei eiga evne til å finne dei rette orda i dei ulike situasjonane, er imponerande, men litt sterk kost for meg…