Godt om kvardagsmenneske

Kitteridge.jpg
Kitteridge.jpg

Forlaget har valt å ikkje plassere denne interessante og tankevekkande boka i nokon litterær bås.Det er forståeleg. Dei 290 sidene inneheld 13 forteljingar, mange av dei kan kallast noveller.Gode noveller. I ein liten småby i staten Maine i USA, Crosby, møter vi den pensjonerte læraren Olive Kitteridge i alle tekstene, iblant som hovudperson, i andre som meir eller mindre perifer biperson. Det er ikkje tilfeldig at dei forteljingane der ho er minst til stades er dei minst fascinerande.Alle kjenner henne.

Det som gjer Olive interessant er at ho er så samansett, så menneskeleg og ekte.Ho er ofte både mutt, tverr og hissig.Av og til er ho snill og klok, andre gonger går ho fullstendig i baklås.Men inst inne har ho eit varmt, bankande hjarta, som enkelte gonger nesten renn over av varme og omsorg.Med andre ord, eit kvardagsmenneske på godt og vondt, som det er lett å identifisere seg med.

I løpet av dei 13 ulike, skjønnlitterære tekstene møter vi etter kvart svært mange menneske.Slik blir boka også ei bok om Crosby, den vesle og litt gamalmodige byen.Ein by som, etter mi meining, kunna blitt plassert nesten kvar som helst, i alle fall i den vestlege verda.Ja, kanskje kvar som helst i verda.Saman dekker forteljingane tidsromet frå litt ut på 1970-talt til litt etter tusenårsskiftet, og dei fleste handlar på ein eller annan måte om ulike former for svik.

Eg las boka på engelsk for seks år sidan.Ein bokglad ven lånte meg boka, og sa at eg berre måtte lese ho.Pulitzer-prisen for beste skjønnlitterære bok i 2008 hadde blitt tildelt forfattaren, og eg trudde eg skulle lese ei verkeleg god bok.Alt den gongen minnest eg at eg vart litt overraska.

"Olive Kitteridge" er ei god bok, men, etter mi meining, ikkje eksepsjonelt god.Det skuldast først og fremst dei forteljingane der Olive er lite til stades, og eg vel “Vinterkonsert” som eksempel.Grei historie, men heller ikkje meir.Mimringa til det halvgamle ekteparet, som båe har hatt eit hjarteinfarkt, er ikkje overtydande.Småprating som ikkje fører nokon stad, spør du meg.Lesinga av den norske utgåva har ikkje endra noko på det, forteljingane er for ujamne.