Det er to hovudpersonar i denne fengande romanen, mamma Gunhild og sonen Knut, 16 år gamal.Han er psykisk ute av balanse, har droppa ut av skulen, både på grunn av ei jente som vraka han til fordel for ein kamerat, og fordi hormonbalansen ikkje stemmer. Etter ein stygg valdsepisode overtalar mamma han til å bli med til Canada for å følgje i fotspora til oldefaren hennar, som reiste frå kone og barn — og aldri kom tilbake. Mamma Gunhild , som sjølv er ute av balanse, både fysisk og psykisk, håpar at turen i den canadiske villmarka skal bli eit vendepunkt til det gode, for både Knut og henne.Ho vonar også at turen skal få Knut til å opne seg litt meir, slik at dei kan kome litt nærare kvarandre.Men møtet med villmarka i Canada, der det er både ulv og bjørn, blir svært utfordrande, og til tider direkte farleg for båe to.
I botnen er «Lev vel, alle», etter mi meining, ein psykologisk utviklingsroman om forholdet mellom ei mor som nettopp har spontanabortert, og ein son i tenåra som testosteronet herjar med.Sagt på ein annan måte, ei fin forteljing om mor og son, når båe er på gyngande grunn.
I tillegg er det ei bok om å reise seg att etter å ha vore langt nede.Sjølv om Knut rasar mot mor si, skrik ut at han hatar henne, viser han at han har ei anna, betre side då det står om livet til mamma.Han har dessutan nekta plent å arbeide, men når han møter Frank - som eg ikkje skal seie noko om kven er - viser han at han både vil og kan jobbe.
Boka handlar også om lausriving, om det å etter kvart bli sjølvstendig som vaksen.Det er ofte svært vanskeleg og smertefullt, for både den unge og foreldra.Det er forresten ikkje første gongen forholdet mellom mor og son er eit hovudtema i ei bok av Kvalvaag.Ho har også skrive prislønte ungdomsromanar, og vist at ho veit uvanleg mykje om korleis det er å vere ung i vår tid.
Kvalvaag prøver og å finne ut om noko som er vondt og vanskeleg kan endrast eller brukast til noko positivt og godt.Også det synst eg at ho lykkast ganske godt med.Det er godt driv gjennom mykje av boka, med eit par skikkelege toppar.