Boka er relevant for å skjøne enkelte miljø i Noreg i dag.
Boka har undertittelen «På innsiden av Al-Qaida», og Morten Storm har to medforfattarar, Paul Cruickshank (terroranalytikar) og Tom Lister (journalist).Forfattaren, fødd i 1976, vaks opp i Korsør som småkriminell, og var mellom anna medlem av Bandidos.I 19-årsalderen blei han interessert i Islam, konverterte og blei radikalisert. I England blei han kjend med radikale salafistar (bokstavtru muslimar med ei ekstrem tolking av Jihad, heilag krig), bad fem gonger om dagen, lærde seg arabisk og skaffa seg eit breitt, islamistisk nettverk i så vel Midt-Austen som i Europa.
Etter kvart begynte han å stille spørsmål, kunne drapa jihadistar utførte på uskuldige forsvarast?Det enda med at han kontakta PET (Politiets efterretningstjeneste i Danmark), og verva seg som agent for vestlege etterretningstenenester, litt etter litt inkludert i MI5, MI6 og CIA.
På nytt stiller Storm det vanskelege spørsmålet; er dei hemmelege tenestene sine aksjonar — som fører til at uskuldige blir råka - OK? Dessutan føler han seg ført bak lyset.Det endar med at han kontaktar Jyllands-Posten, som i ein artikkelserie i oktober 2012 publiserer ei rekke artiklar som opprører «kvardagsmenneske» og politikarar over heile verda.
Boka er utstyrt med 30 sider «Kildenoter». Eg har lese dei grundig, og kan berre konkludere med at dei 390 første sidene som smakar «James Bond», er utruleg godt dokumentert.Det gjev grunn til ettertanke.
Forfattaren formidlar kunnskap om korleis unge menn - og nokre kvinner - blir rekruttert og radikalisert.Vi får eit skremmande innsyn i kvardagen til terroristane, og korleis terroråtak blir planlagt.Menneske som sprenger seg sjølv i lufta, for å ta med seg så mange som muleg inn i døden; dei blir hylla som heltar.
Boka er i høg grad relevant for å skjøne enkelte, relativt små miljø i Noreg i dag.
Etter å ha teke til vitet og lete seg verve til vestlege etterretningsteneste, avslører Storm korleis danske, engelske og amerikanske tenester arbeider, kor kyniske dei er, iblant kor lite verdt eit menneskeliv er for dei og.