Vi møter hovudpersonen, jesuittpresten Moulin, attmed elva Kongo like før første verdskrigen bryt ut i Europa.Han fungerer som prest for jernbanearbeidarane, ei ganske broket forsamling: kvite belgiarar og farga kongolesarar. Første setninga i boka lyder slik: «Det var jeg som oppdaget dem først.» Det jesuitten, som ikkje er særleg overtydd truande katolikk, oppdagar, er tre menneskeapar av ein ukjend art.Det er to hannar og ein hoape, som får namna: Paul, Jakob og Mathilda.Er dei «the missing link? — mellom menneske og ape, mellom natur og kultur?Dei tre apane - eller er dei «halvmenneske» - er sterkt opptekne av mekanikk og fungerer godt når det er tale om enkelt arbeid som ikkje krev for mykje tankeverksemd.
Moulin bestemmer seg for å flykte med dei tre, og etter å ha bygt om ein dresin, legg dei ut på ein fantastisk tur over Atlanterhavet til Sør-Amerika, med ein liten stopp på St. Helena.Treng eg nemne at det vert ei fantastisk, eventyr- og fabelprega reiseskildring - som ikkje alltid er like truverdig?At det ikkje alltid er like klart kva som er sivilisasjon, kva som er barbari?For ikkje å snakke om kven som er menneske, og kven som er dyr?
Boka kom ut på svensk så tidleg som i 1983, og eg har problem med å forstå at ikkje denne utrulege røvarromanen har kome på norsk før i 2015.For, trass i enkelte innvendingar, «Dresinen» er fabulerande forteljekunst på nesten høgste plan.
Romanen kan lesast/tolkast på fleire plan. Kanskje har forfattaren i utgangspunktet planlagt boka som ein allegori, eventuelt ein geip, omkring den vestlege verdas framtidsoptimisme tidleg på 1900-talet?Dessutan er romanen eit temmeleg krast oppgjer med rasisme, med diverse etniske teoriar som i vesten levde i beste velgåande tidleg på 1900-talet.Endeleg, boka kan også lesast som ein slags klagesong over kulturelt havari i vesten.
Som nemnt, «Dresinen» er ikkje lytelaus. Hovudinnvendinga er formatet.Vel 470 sider gjer at forfattaren, etter mi meining, tillet seg for mykje småprat og oppattakingar som ikkje er nødvendige.Særleg i den siste delen av romanen, meiner eg at ei innstramming hadde gjort godt. Likevel, «Dresinen» er ei svært fascinerande bok av ein forfattar av internasjonalt format.