Spennande lettlesbok for ungdom

Atle hansen bilde.ashx
Atle hansen bilde.ashx

Mystiske stemmer kviskrar frå ein kjellar i Svartedalen. Eg-personen er på sommarferie på landet, nærare bestemt i eit stort, gamalt hus som far hans har arva. «Kapteinshuset» vert det kalla fordi det vart bygt av ein seglskutekaptein. Namnet til guten får vi ikkje vite, men ei svarthåra, svartkledd jente han møter presenterer seg som Julie, og så svarar han med Romeo! Ein dag går han ein tur til Svartedalen, der han finn eit gamalt hus. Der inne møter han både skremmande lydar, ei stemme, pluss ein katt. Det er noko som ikkje stemmer! Det blir kviskra om ein eldgamal konflikt mellom Kapteinen og ein som blei kalla Svarten. Hovudpersonen i boka finn faktisk etter kvart eit gullsmykke.

Stort meir skal eg ikkje røpe av handlinga, men Atle Hansen har skrive fleire nifse spenningsbøker for barn og unge, og greier også i denne boka å halde spenninga oppe gjennom dei vel 100 sidene. Litt etter litt kjem både det som verkeleg har skjedd, og det som sjølvsagt er eventyr, opp til overflata.

Det heile flyt greitt. Med enkle litterære grep losar Atle Hansen oss som lesarar gjennom eit plott som ikkje er spesielt originalt, men som definitivt held mål.

Dette er ei såkalla lettlesbok, tilpassa ungdom med lesevanskar i frå 11 — 12 år og oppover. Som pensjonert lærar veit eg at det ikkje akkurat er flust med bøker som både er gode og spennande, i tillegg til å vere så lette å lese at dei står fram som overkommelege for ungdom med dysleksi.

Setningane er korte, orda er enkle og aldri særleg lange, dessutan er sidene ikkje fullpakka. For oss som ikkje har lese- og skrivevanskar, kan slike detaljar i første omgang verke lite viktige, men for dei som er dyslektikarar er dette viktig. Ei tettpakka side med lita skrift kan for ei eller ein med lesevanskar vere bortimot umuleg å begynne på.

Det er dessverre slik at det særleg er gutar som les lite eller ingenting, utanom lekser. Kanskje ikkje dei heller. Boka om Romeo og Julie, i hermeteikn, er ikkje noko litterært meisterverk, på ingen måte. Men som pensjonert pedagog trur eg boka kan fungere godt for lesesvake elevar, og spesielt gutar. Lærarar som underviser på ungdomssteget, og har elevar som strevar både med lesing og skriving, synst eg skal ta ein nærare kikk på denne boka.