Rått og godt om å vere kvinne

Islandsk bok Bjarne.tif
Islandsk bok Bjarne.tif

Barnebarnet til Islands første president, 80 år gamle Herbjørg Maria Bjørnsson, til dagleg Hera, ligg hausten 2009 i ein garasje i utkanten av Reykjavik og ventar på døden. Hera har levd eit turbulent liv, budd i mange land, blitt valdteken tidleg i tenåra, og har fødd fire barn. Ho har lege i garasjen i åtte år, har mist all kontakt med familien, og orkar ikkje tanken på ei jul til. Ho vil døy og bli kremert før høgtida. Hera vekslar mellom å fortelje om notida, altså 2009, og retrospektivt om fortida frå ho blei fødd i 1929. Forfattaren understrekar at «Kvinnen ved 1000 grader» er ein roman, men mykje tyder på at hendingane ligg nær det som verkeleg skjedde. Vi kjem tett inn på Hera, ei tøff dame som har sterke meiningar. Språket hennar er ofte upolert og rått. Ikkje minst når ho skildrar Island: «Vinden er vår evige Hitler og holder oss, Guds utkvalte folk, innendørs i århundrer, i vår karanteneleiligheter, den helvetes frossenidioten».

Andre verdskrigen og nazismen står sentralt. Faren melde seg friviljug for å kjempe for Tyskland i 2. verdskrigen. I 1942. 12 år gamal, miste ho kontakten med mor og far, og resten av krigen måtte ho klare seg sjølv. Det blir tøffe år for ei jente tidleg i tenåra.

Ho har hat t ei lang, rekke elskarar. Den einaste ho har elska er ein tysk SS-offiser, som ho fekk to dagar og ei natt med. Så blei han skoten.

Tittelen, «Kvinnen ved 1000 grader» viser til temperaturen i ein kremasjonsovn, men vi skjønar at han også har med kjærleiken å gjere når ho seier: «Kjærligheten er målt i grader, ikke i minutter».

Boka er ein gjennomarbeidd roman om ei kvinne som har levd sterkt. Som ein raud tråd gjennom delar av romanen fungerer ein handgranat frå krigen. Korleis og kvifor skal eg ikkje gå inn på, bortsett frå å nemne at vi som lesarar aldri får sikkert vite om han er ladd eller ikkje. Sagt på ein annan måte, ein potensiell blindgjengar.

Romanen blei i 2013 innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris, og så medrivande som han er, synst eg det er rart at han ikkje vann. Var Hera for grov i kjeften? Trefte ho for mange menn i solar plexus når ho uttala om freden i 1945: «For mennene var krigen over, for oss kvinner var den akkurat begynt.» ?