Latinodemonen

Ja, Jesse. Det er eit dårleg teikn når du kan dra ein meter svart hår ut av auget ditt.

"Paranormal acitivity" USA 2013. Regi: Christopher Landon. Med: Andrew Jacobs, Richard Cabral, Gabrielle Walsh, Katie Featherston. Lengde: 1 time 24 minutter. Alder: 15 år.

"Paranormal Activity: The Marked Ones" er ikkje "Paranormal Activity 5" – den kjem over sommaren – men ein spin off lagt til eit latinomiljø i California. 18-åringen Jesse (Andrew Jacobs) får eit mystisk bitemerke på armen, utan at det ser ut til å bekymra han veldig i starten. Samtidig skjer det mystiske ting i leilegheita under. Jesse utviklar etter kvart spesielle evner og forandrar seg meir og meir. Først er det moro og mat for spektakulære jackass-stunt på Youtube. Men så går endringane i stadig meir ubehageleg retning.

Det går sjølvsagt dårlig til slutt, men det veit du jo allereie når du kjøper billetten.

Alt er fanga på video av kompisar som lar kamera gå, sjølv i møte med dei mest vanvittige situasjonar og demonar. (Dei fleste av oss ville vel kasta kameraet og tatt beina fatt om me møtte onde hekser eller barn med kolsvarte, tomme augo?)

Heimevideovrien er blitt eitt av Paranormal Activity-filmanes bumerke. Det gir filmane sitt "autentiske" preg – første gong gjort i "Blair Witch Project". Sjølv om her er litt effektar, er hovudgreia å få desse filmane til å sjå "heimelaga" ut. Det gir lågare kostnader og eit litt billig preg – og potensielt høgare overskot.

Nettopp den økonomiske suksessen er nok hovudforklaringa på at det kjem to Paranormal Activity-filmar i år. Mange ville nok sagt at det er minst éin for mykje. Det skal noko til å tilføra veldig mykje nytt til eit konsept som har rulla og gått i sju år og seks filmar – men å laga ein latinovariant er eit forsøk på ein ny vri. Likevel: dei som går og ser dette, veit vel kva dei får – og går nettopp for å få det ein gong til.