Thriller
Jack Reacher
Regi: Christopher McQuarrie
Med: Tom Cruise, Rosamund Pike, Richard Jenkins, Werner Herzog, Robert Duvall.
USA 2012
2 timar 10 minuttar. Aldersgrense 15 år
Ingen nordmann kan sjå bilde frå overvakingskamera av ei kvit varevogn med ein massemordar ombord, utan å kjenna eit ekstra ubehag. Men med denne uintenderte tilleggsdimensjonen for nordmenn startar altså «Jack Reacher» — med overvakingsbilda av den kvite varebilen, den kaldblodige skyttaren og fem døde kroppar liggjande igjen på riverwalken i Pittsburgh.
Så kjem Tom Cruise inn i handlinga, som Jack Reacher, den klassiske omstreifaren, ex-soldaten, muskelbunten, den geniale etterforskaren og Mannen som får ei kvar kvinne til å bli mo i knea og mjuk i blikket. Plotet i Cruises nye thrillerkonsept er hakket mindre teikneserieaktig enn «Mission Impossible»-filmane, og er henta frå kriminalforfattaren Lee Childs niande bok om Reacher. Det dreier seg eit ganske streit, men mystisk krimmysterium: Kan skarpskyttaren politiet har arrestert, som alle bevisa peikar mot - men som nå ligg i koma - faktisk visa seg å vera uskuldig likevel? (Ja, nå tenkjer eg du er spent...)
Cruise er vel ikkje kjent som ein mann med så veldig mange ansiktsuttrykk. Som Jack Reacher får han rikeleg med høve til å finstilla det bistre fjeset sitt, mens han leverer korthogde punchlines og forsøksvis snappy dialog. Det er tidvis moro, tidvis latterleg.
Cruise får også slåst ein del, kjørt fort i tøffe, amerikanske sportsbilar og flasha overkroppen sin - som ikkje ser ut som kroppen til ein 50-åring, nei. Vesle Cruise (1,70 m) kan til og med tidvis sjå ganske høg og mørk ut, når han bare blir filma i rett vinkel - men han blir aldri giganten Reacher frå Childs bøker.
Ho som har henta Reacher inn for å vera med å etterforska, er forsvarsadvokaten Helen Rodin (Rosamund Pike). Hennar misjon er å prøva å redda skyttaren frå dødsstraff. Statsadvokaten som skal prøva å få han dømt er, corny nok, Helens far (Richard Jenkins). Sidan det meste i «Jack Reacher» handlar om Tom Cruise, er det grenser for kor mykje Rosamund Pike har fått å spela på. Det blir ikkje så livlig mimikk der heller, men plenty av måping og store augo over alt herr Cruise får til.
Dei mest underhaldande karakterane er kanskje dei me ser minst av, gamlekara Robert Duvall som gammal skyttar og den tyske filmskaparen Werner Herzog som den mystiske Zec. Den halvblinde mannen med den merkelege aksenten er avstumpa på mangt slags vis, og er verkeleg ein frydefullt kjip type i tussmørket sitt. Det er rett og slett forfriskande å sjå eit bad guy-ansikt du ikkje har sett ein million gonger før vera bad på ein såpass stillfaren og europeisk måte i ein amerikansk blockbusterthriller.
Regissør Christopher McQuarrie har framfor alt skrive film før - han fekk sitt store gjennombrot og Oscar for beste manus for «The Usual Suspects» (1995), og har sidan skrive manus for filmar som «Valkyrie» og «The Tourist». «Jack Reacher» er den andre filmen han står oppført som regissør for. Det er nok ikkje stor filmkunst, men godt actionhandtverk, flott filma og påkosta. Så for oss som likar ein streit thriller, ei god biljakt og to, litt slåssing og urealistisk presisjonsskyting i stor fart og dårleg lys, så er «Jack Reacher» heilt ok.