Vart skræmt, ja

Bank, bank. Storesyster er på Skype, veslebror er på besøk. Ho ser han ikkje, men det gjer me.
Firaren i rekkja av "Paranormal Activity"-filmar får sannsynlegvis ein firar frå meg fordi eg ikkje har sett dei tre første. Det betyr at eg ikkje fekk med meg supersuksessen og overraskinga frå 2007 – og at skrekken fungerte fint på meg når eg nå debuterer med "Paranormal Activity 4" i 2012. Eg har med andre ord ikkje gått lei av konseptet, og kan ikkje uttala meg om korvidt det blir for mykje repetisjon. Eg hadde det ganske ubehageleg i halvannan time, grøssa nokre gonger, og bli vettaskremt eit par. Det er ikkje så verst og står til godkjent i grøssarsjangeren.

Som i dei tidlegare tre, baserer også firaren seg på "autentiske" opptak frå diverse kamera, på pc-ar, mobilar, overvåking, Skype og bærbare dingsar. Tenåringsjenta Alex (Kathryn Newton) begynner å oppleva underlege ting etter at den nye naboguten Robbie (Brady Allen) og den mystiske mora Katie (Katie Featherstone) flyttar inn – men ho blir ikkje trudd av foreldra. Dermed begynner dører å opna seg av seg sjølv, lamper ramlar ned, mens seksåringen Robbie og Alex' bror blir stadig skumlare. Det finst ikkje noko meir skremmande enn skumle seksåringar som går rundt og ser på folk med eldgamle, tomme blikk.

Grøssa ligg ikkje i at her er masse vald eller blod, for det er det ikkje. Tvert om ligg ubehaget i stemninga, i vissa om at her kjem til å skje noko fælt. Her er alle sjangerens avleiingar, falske alarmar og hint om ting som skal koma, og du blir dregen fint med på dramaturgien av folk kan handverket og veit kva knappar dei skal trykka på. Sjølv dei av oss som ikkje trur på paranormal aktivitet kan nok undra oss over kvifor hovudpersonane ikkje slepp kameraet og spring vekk frå alt det skumle i staden for å opna stadig nye dører, men det er ein bagatell i den store, paranormale samanhengen.