Argentinsk mystikk

Er dette dermed den beste filmen som blei laga i verda utanfor USA i 2009? Det kan sjølvsagt diskuterast – og blei diskutert.

Roman

Benjamin Esposito (Ricardo Darín) er nyleg pensjonert etter eit langt, yrkesaktivt liv innanfor det argentinske rettsvesenet. Som pensjonist får han for seg at han skal skriva ein roman, først med kulepenn i notisbøker, sidan på ein defekt Olivetti-skrivemaskin.

Historia han vil skriva, har han gått og brygga på i over 25 år. I 1974 blir ei ung, vakker kvinne valdteken og drepen. Esposito får ansvaret for saka, men må i tillegg til sjølve drapsgåta kjempa mot eit rettssystem i eit Argentina på god veg inn i sine mørkaste kapittel. Ein generasjon seinare har Esposito framleis ikkje fått drapssaka ut av tankane.

Men eigentleg handlar «Hemmeligheten i deres øyne» vel så mykje om noko heilt anna. For å bruka litt store ord – dette er trass alt latinsk – så handlar dette vel så mykje om uforløyst kjærleik og romantikk, både om Esposito og hans vakre kollega Irene Hastings (Soledad Villamil) og om ektemannens evige kjærleik til si myrda kone.

Drama

Campanella har i mange år pendla mellom TV-drama i USA og spelefilmar i heimlandet Argentina. «Hemmeligheten i deres øyne» beveger seg roleg og mystisk framover, med nære bilete av skodespelarar som meistrar det psykologiske dramaet godt. Her er også fleire vendingar som skaper ny spenning, nye gåter – og nye løysingar.

Det er ikkje nødvendigvis sånn at du tenkjer at du har sett verdas nest beste film, men «Hemmeligheten i deres øyne» er god.

jan.zahl@aftenbladet.no