Kul katt

Animasjon/barnefilm

En katt i Paris

Frankrike 2011. 1 time, 5 minuttar. 7 år. Regi: Alain Gagnol, Jean-Loup Felicioli. Norske stemmer: Kåre Conradi, Line Verndal, Per Christian Ellefsen.

Det er langt frå Hollywood til Paris. Nærmare bestemt frå Pixars dataanimerte blockbusters til handteikna fransk cool, slik du får det i «En katt i Paris».

Zoë har mista faren sin — og har ikkje snakka sidan. Mora jobbar for mykje, Zoës beste ven er katten Dino - som kva natt snik seg ut for å vera saman med tjuven Nico. Nico smyg seg på Mission Impossible-aktig vis opp veggar, over tak, og inn vindauge for å stela, mens byen søv og alt som stig opp mot himmelen i Paris er lyden av gammal jazz og bjeffande bikkjer. Inn i biletet kjem storgangsteren Costa, mannen som drap Zoës far og som plutseleg jaktar både jentungen og Nico. Det er ganske spennande - og forståeleg at filmen har fått sju års sensur i Norge.

Som sagt er det langt frå Hollywoods dansande pingvinar og nøttejaktande ekorn til den handteikna streken i «En katt i Paris», som ligg nærmare Matisse og Picasso enn Walt Disney. Figurane og miljøa blir dermed levande og truverdige på ein annan og meir analog måte enn glassklar, amerikansk dataanimasjon. Figurane er teikna i ein relativt enkel, rein strek, mens bileta av Paris sett frå byens tak er storslåtte og detaljerte.

«En katt i Paris» er eit velsigna europeisk og visuelt avbrekk frå «Istid»- og «Happy Feet»-underhaldninga - både for barn og for vaksne.

Zoes beste ven er katten Dino.