"Gullburet". Mexico 2013. (La jaula de oro) Regi: Diego Quemada-Díez. Med: Brandon López, Rodolfo Domínguez, Karen Martínez, Carlos Chajon m. fl. 1 t. 42 min. 11 år.
Spanskfødde Diego Quemada-Díez' debutfilm "Gullburet" går inn bak statistikken og dei korte nyheitene om alle flyktningane, forlisa og menneskehandlarane. Han lar oss møta fire tenåringar frå Guatemala som prøver å nå det forgjetta landet i nord: USA.
Men Quemada-Díez gjer det ikkje slik dei ville gjort det i Hollywood. Sjølv om fluktforsøket frå fattigdom og elendige framtidsutsikter er både strabasiøst, farefullt og hjarteskjerande, blir det aldri sentimentalt eller Hollywood-dramatisk. Her er ingen store fakter eller effektar, bare ei naken, godt fortalt historie om håp, fortviling, menneskeleg vondskap og brutalitet.
Quemada-Díez har ført kamera for store regissørar som Oliver Stone, Ken Loach, Spike Lee og Tony Scott – og er sånn sett ingen novise innanfor filmfaget. Når ein ser "Gullburet", er det mest nærliggjande å tenkja at han har lært ein heil del av Loach. For dei unge skodespelarane i "Gullburet" er amatørar som spelar så naturleg og nedpå at du trur det du ser er sant. Og dei gjer det altså så bra at dei vann talentprisen Un Certain Regard på Cannes-festivalen i år.
"Gullburet" var plukka ut til årets Filmfestival i Haugesund. Også der trekte ein fram kor gripande, nakent, nøkternt og uforutseibart Quemada-Díez skildrar den brutale røyndomen i Mellom-Amerika.
Gå og sjå!