Dummare og dummare

Sjølv ikkje med griseteip på Bullock og McCarthy blir det meir komisk enn pinleg og rart i filmen The Heat.
Ein gong likte eg faktisk Sandra Bullock. Sjølv om eg syntes ho var veldig pen. For ho var også akkurat så klønete at det glattetangpene var tilgiveleg, og akkurat så tøff at eg såg at ho eigentleg var ganske redd, og dermed modig. Nå blir ho bare dummare og dummare for kvar film som går. Eg trur den store nedturen begynte med Miss Undercover, og det er ganske lenge sidan. Verkeleg ganske lenge. Nokon burde gjera noko med det snart. For eksempel Paul Feig, regissøren av Bridesmaids, eit knapt dusin episodar av The Office, og nå The Heat.

Han gjer ikkje det. Han gjer det bare verre, når Sandra Bullock på usjarmerande vis liksom er mykje smartare enn alle mannekollegane i FBI, og så klønete at ho for eksempel prøver å inkubera ein mann som har satt ein matbit i halsen med ein litt sløv kniv, fordi ho har sett det på TV, for så å kvinnehylande stikka fingrane inn i det pulserande, blodsprutande holet i halsen hans. Det er putepinleg, endå meir enn enn når ho og kollega Melissa Mc Carthy, nok meint å vera eit slags klønete Bullock-motstykke av ein storbannande dametjukkaspoliti rett frå gata, synkrondansar i fylla.

Handling? FBI-agent og gatekonstabel skal prøva å få tak i fæl narkohai som får folk kutta i småbitar. Dei blir nøydde til å gjera det saman, sjølv om dei ikkje vil, for alle andre er dumme.

Ein kunne tru filmen var noko for dei som ikkje likar tjukkasar, eller for dei som ikkje liker pene damer, eller for dei som ikkje likar politifolk, sjefar, småkriminelle med vanskeleg oppvekst, eller ufyseleg overløparkriminelle utan unnskyldning. Men Paul Feig får det ikkje til å bli ein film for nokon. Han klarer ikkje få noko som helst til å bli bare så pinleg, så frekt, så vulgært, klønete eller dumt at det blir til å le av. Men du, som han prøver. Og du, så feil det blir.