Det finst kjedelege, banale thrillerar som er så forutseibare at dei fornærmar intelligensen din; filmar ein burde kunna saksøka for bortkasta tid når ein har sett dei. Og så finst det dei som liksom er midt i mellom. Der intrigen for så vidt er finurleg nok, skodespelarane er heilt greie, actionscenene og bileta er der – men så blir det likevel litt sånn midt på treet. «Ukjent ID» er ein sånn film.
Dr. Martin Harris (Liam Neeson) landar i Berlin saman med si unge kone Elizabeth (January Jones) for å delta på ein stor og viktig bioteknologikongress. Men så gløymer han stresskofferten sin på flyplassen, må dra tilbake, hamnar i elva etter ei trafikkulukke, før han vaknar opp etter fire døgn i koma på eit sjukehus i Berlin. Sjølv om han ikkje lenger har identitetspapir og opplever enkelte hol i minnet, hugsar han i alle fall kven han er gjennom skallebanken.
Problemet er at ingen andre gjenkjenner han som Dr. Martin Harris, botanikkprofessor. I tillegg begynner farlege ting å skje.
Den (relativt) unge katalanske regissøren Jaume Collet-Serra (f. 1974) har laga ein thriller ut av denne historia der han kombinerer kjappe actionscener (biljakter, springing, slåsting, ein og annan eksplosjon) med lange, dvelande scener der hovudpersonane står og stirer bistert, betydningsfullt eller tenksamt framfor seg.
Det er for mange av dei lange og dvelande scenene. Dei dreg ned tempoet, bort frå thrillerformatet. Kanskje er det eit forsøk på å skapa drama eller dybde. Men ingenting blir dramatisk av bekymra blikk, ei heller når dei blir utført av karakterskodespelarar som tyske Bruno Ganz eller irske Neeson. Nesten to timar film kunne fint vore klippa ned til halvannan.
Liam Neeson (f. 1952) er kanskje ikkje den mest sannsynlege actionhelten med slagsmålskills og rallykjørareigenskaper, men kjem seg greitt gjennom rolla.
Det er forresten ikkje første gong han må kjempa seg gjennom trøbbel og vonde krefter i ein europeisk hovudstad. I «Taken» (2008) var Paris scenen og ei bortført dotter problemet. I år er det Berlin og ein forsvunnen identitet. «Taken» og «Ukjent ID» liknar kvarandre.