Øya er skjerma frå elendet utanfor av ein høg mur, piggtrådgjerder og vakter utstyrt med skarpe våpen og overvåkingskamera. Ingen uvedkomande kjem inn, det er nesten like vanskelig å koma seg ut.
I denne sona av velstand, velpleide hagar, store hus og tilsynelatande idyll gjeld heilt andre reglar enn i skura som klamrar seg fast i dalsidene rundt. Sona har sine eigne lovreglar, sin eigen justis, og denne justisen kjem under press den dagen tre fattiggutar forserer muren og bryt seg inn i eitt av husa for å stela — og drep ho som med våpen i hand overraskar tjuvane i stova si.
La Zona - som altså betyr sona - er den mexicanske regissøren Rodrigo Plás debut som langfilmregissør. La Zona har fått fleire prisar på filmfestivalar verda over. Sjølv om filmen på eitt nivå kan sjåast som ein kritikk av klasseskiljer og sosiale vilkår i Mexico - forskjellane er enorme og 25 menneske blir myrda kvar dag - kan han like gjerne sjåast som ein kritisk kommentar til murbygging og skeivfordeling mellom rike og fattige verda over.
Historia i La Zona er rystande. Du skal ha ein personligdom av betong om du ikkje blir berørt av skildringa av moralsk knefall, massesuggesjon, korrupsjon og elende.
Filmspråket er svært realistisk, eit preg som blir forsterka av skodespelarane sine prestasjonar. Sjølv om historia er forferdelig drøy og dramatisk, trur du det du ser.
Mitt viktigaste ankepunkt er at Plá ikkje akkurat er subtil i sin samfunnskritikk. Det kan til tider bli vel overtydelig kor forferdelige dei rike er og kor stor kontrasten er ut til dei stakkars fattige. Dette blir til ei viss grad redda i land av at karakterane ikkje er teikna heilt i svart-kvitt: Alle dei fattige er ikkje bare gode, alle dei rike er ikkje bare onde.
Det er jo også ein slags moral.
jan.zahl@aftenbladet.no