Chronicle
Amerikansk action/thriller. 2012. 1 time, 24 minutt. 15 år.Regi: Josh Trank. Med: Michael B. Jordan, Dane DeHaan, Alex Russell, MichaelKelly, Ashley Hinshaw, Anna Wood.
"Chronicle" kunne blitt ein uendeleg teit film.Sjekk bare dette plotet: Tre ungdommar utviklar superkrefter etter å ha gjortei utruleg oppdaging i eit hol i bakken. Den eine av dei tre er eit nervøstmobbeoffer som blir banka av ein alkoholisert far mens mora ligg dødssjukheime. Det er laga mange nok amerikanske filmar om taparen som plutselegoppdagar skjulte talent, blir high school-helt og reddar familien – i eiklissete happy ending.
"Chronicle" er ikkje ein slik film. Eit øydelagtsjølvbilete og sinn kan ikkje fiksast med superkrefter. Det kan heller ikkjeein dysfunksjonell familie.
Dei tre unge kompisane framstår imponerande nok somtruverdige i oppdaginga og utviklinga av dei usannsynlege kreftene. Dei nærmarseg superkreftene omtrent slik du skulle tru bråmogne 16-åringar ville gjeradet, kastar baseballar i trynet på kvarandre, køddar med folk, får bamsar til åfly og steinar til å spretta på vatnet. I eit litt daft midtparti i filmen erdet heile bare leik.
Så mørknar det. For livet er ikkje ein leik. Heller ikkjemed superkrefter.
Parallelt kommenterer den eine av dei tre, med tenåringenslett umogne forståing og fascinasjon for filosofi, det heile med gamlefilosofiske læresetningar: Shopenauers tese om viljens kraft, Platonshulelikning, omgrepet "hybris" – altså overmot. Før også filosofienforkvaklar til teoriar om overmenneske og rettferdig maktbruk.
Alle bileta er filma gjennom gutanes eigne kamera,overvåkingskamera, eller ho som filmar til bloggen sin. Også dette grepet med"autentiske" filmopptak er jo etter kvart gjort mange gonger. Menogså dette fungerer godt i Josh Tranks debutarbeid som regissør.