Massevis av fine tankar

Lykkelege, altså. Dessutan er menneska anten snille eller slemme, men uansett er dei nokså dumme. Det høyrest jo forresten ut som frykteleg mange av dei amerikanske filmane vi likar, men mest dei animerte. Der livet til menneska kan sjå forlokkande lett ut for ein firbeint pelskledd slitar, men sjølv om naturen er barsk, er det likevel der dei høyrer til. Det er der dei kan finna både fridommen og plassen sin i den store lykkelege familien som ein må halda saman med til evig tid, skal det gå for eksempel ein bjørn godt så han får leva lenge i skogen.

I denne filmen er det bjørnen Boog som lærer seg dette. Det er han som må forlata den trygge garasjen heime hos skogvaktardama Beth. Han som er altfor blyg til å klara gå på do når dei andre dyra ser på, han som blir pepra med nøtter av ekorna, ledd ut av beverane, stukken av det vesle pinnsvinet, og nesten drepen av den fæle, fæle jegeren Shaw. Det er Boog som må læra seg å vera kompis med den herpa hjorten Elliot. Og han som til slutt reddar dei alle frå dei fæle jegerane. Og forstår at det er i skogen han er heime. Det er der han har familien sin. Og vi blir ganske rørte og ganske sjarmerte og ganske glade. For det er jo fine tankar. Men for lengst masseproduserte.